Lover, reglar, planar og rettleiingar

Den vidaregåande opplæringa er styrt av lover, reglar, planar og rettleiingar. Her har vi samla nokre av dei.

Elevforsikring

Alle elevar i vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune har ulykkesforsikring.
Forsikringa gjeld også for elevar under midlertidig opphald i utlandet som t.d. ved utveksling.

Dersom du ønskjer meir informasjon om forsikringsordninga kan du ta kontakt med skulen din.

Forskrift om inntak og formidling

Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass inneheld reglar om korleis inntaket til vidaregåande skular skal gjerast, og kva reglar som gjeld for formidling til læreplass.

Lokal forskrift om inntak og formidling (PDF)

Fråværsgrense

Fråværsgrensa blei innført for å motivere elevane til jamn innsats og å forhindre skulk.

Fråværsgrensa gjeld for elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.

Rundskriv Udir. 2016
Meir om fråvær på udir.no

Fråværsreglement

Felles fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland blei vedtatt av Fylkestinget den 09.03.21.

Føremålet med eit felles fråværsreglement er å samle gjeldande reglar på ein stad og slik gjere regelverket meir tilgjengeleg for skulane og elevane. Eit felles reglement sikrar også størst grad av likebehandling mellom skulane.

Fråværsreglementet er ei samling av dei gjeldande nasjonale reglane om fråvær og fråværsføring. I tillegg er det lagt inn lokale presiseringar der det er rom for det.

Merk at reglementet er meint som eit supplement og ei rettleiing for dei gjeldande reglane.

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland (.pdf)

IKT-reglement for elevar i Vestland fylkeskommune

Dette er eit reglement som skal fremje god samhandling, god orden, gode arbeidsvanar , slik at lærings- og arbeidsmiljøet i Vestland fylkeskommune blir trygt og godt.

Reglementet gjeld for deg som er elev i Vestland fylkeskommune når du bruker fylkeskommunen sine datanettverk, lokale, utstyr, system og programvarer.

IKT-reglementet

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune

Vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune skal fornye og forbetre for å auke gjennomføringa.

Vestland fylkeskommune har ansvar for eit mangfald av elevar og lærlingar med eit stort spenn i føresetnadar, behov, interesser og mål for utdanning og yrke. Oppdraget og målsettinga spelar ei avgjerande rolle for å imøtekomme utfordringane.

Les meir om Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune

Opplæringslova

Opplæringslova gjeld for alle offentlege skular i Noreg, og har eige kapittel om vidaregåande skular og fagopplæring. Lova finn du på www.lovdata.no

Forskrift til opplæringslova har utfyllande reglar og den finn du også på www.lovdata.no

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å tolke lovverket og publiserer jamleg rettleiingar og tolkingar av regelverket på nettstaden deira www.udir.no

I tillegg til desse nasjonale reglane, finst det lokale reglar for dei vidaregåande skulane i Vestland.

Ordens- og åtferdsreglementet

Felles ordensreglement for Vestland skal fremje trivsel, respekt og medansvar.

Reglementet skal fremje god orden, god åtferd og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.

Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglementet for Vestland fylkeskommune (PDF)

Plan for kompetanse- og profesjonsutvikling for vidaregåande opplæring 2021-2025

Planen rettar seg mot målgrupper som har ansvar for elevane og lærlingane si opplæring; skuleleiarar, faglege leiarar, lærarar, instruktørar, rådgjevarar, assistentar/miljøfagarbeidarar, miljøarbeidarar, bibliotekansvarlege og rettleiingstenester.

Planen legg til grunn at koordinert innsats mellom desse gruppene er nødvendig for å sikre at alle arbeider mot same mål.

Plan for kompetanse- og profesjonsutvikling for vidaregåande opplæring 2021-2025

Strategi for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande opplæring

Fylkestinget vedtok 15. desember 2021 planen "Strategi for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune 2021 – 2024".

Føremålet med planen er å styrke betydninga av velfungerande skulebibliotek som pedagogisk ressurs og gi elevar, lærlingar og tilsette i Vestland eit likeverdig bibliotektilbod.

Strategisk plan for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande opplæring