Allereie godkjend lærebedrift
Som lærebedrift er du med på å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i fylket.
Lærebedriftene, opplæringskontora og fylket har kvar sine funksjonar, samtidig som dei utfyller kvarandre.
Lærebedriftene er ansvarlege for opplæringa i læretida.
Opplæringskontora er lærebedrifter som organiserer seg med utgangspunkt i faga dei kan tilby. Opplæringskontora tar seg av rekruttering og oppfølging av lærlingane hos medlemsbedriftene sine.
Fylkesadministrasjonen administrerer lærlingordninga.
Bestilling av teoriundervisning for lærlingar som går full opplæring i bedrift
Det er innført endring i rutine angåande innmelding til teoriundervisning for lærling med kontrakt etter full opplæring i bedrift.
Alle lærebedrifter og samarbeidsorgan som tar inn lærling med full opplæring i bedrift må bestille teoriundervisning via eige skjema.
Kva fag lærlingen manglar, vil komme fram under tilleggsvilkår på lærekontrakten og under kolonne: Manglande teori i vigobedrift.
Viktig at bestilling av teoriundervisning sendes inn via skjema snarast mogleg.
Rettleiing til Vigo bedrift
På Vigo bedrift kan du som lærebedrift få oversikt over lærlingar, faglege leiarar og oppdaterte satsar for lærlingtilskot.
Kurs for fagleg leiar og instruktør
Faglege leiarar må, før dei kan delta på del 2 av obligatorisk opplæring (dagskurs/webinar), ha gjennomført del 1 som er e-læringskurset
Dagskurset/webinaret er del 2 i den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar i bedrifter. Kurset må gjennomførast innan eitt år etter godkjenning.
Instruktørar, leiarar i lærebedrifter og lærarar i yrkesfag er også velkomne til å ta e-læringskurset og å melde seg på dagskurset/webinaret.
Målet med kurset er å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar.
Del 2 av opplæringa, dagkurs/webinar blir halde av rettleiingstenestene i Vestland fylkeskommune.
Finn kommunen/bydelen der bedrifta di har adresse og trykk på tilhøyrande lenke for å melde deg på del 2. Du vil då bli sendt vidare til påmeldingssida for rettleiingstenesta di.
Har du spørsmål finn du kontaktinformasjon på påmeldingssida.
Kommune/bydel |
Til påmeldingssida |
Stryn, Stad, Gloppen, Bremanger, Kinn, Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund | Rettleiingstenesta Vestland Nord |
Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Voss Herad, Vaksdal og Eidfjord | Rettleiingstenesta Indre Vestland |
Alver, Arna bydel, Austrheim, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Åsane bydel | Rettleiingstenesta Bergen Nord |
Bergenhus, Askøy, Laksevåg, Fyllingsdalen, Øygarden og Årstad | Rettleiingstenesta Bergen sentrum-Vest |
Fana bydel, Ytrebygda bydel, Bjørnefjorden og Austevoll | Rettleiingstenesta Bergen sør |
Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Ullensvang | Rettleiingstenesta Vestland Sør |
Tilskot til lærebedrifter
Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen. Beløpet er avhengig av kva type lærling du tar inn.
Les meir om ulike typer tilskot her (Utdanningsdirektoratet)
Hospitering i skulen
Ønskjer du ei oppfrisking av korleis elevane jobbar i skulen? Kunne du tenke deg å knytte kontakt med lærarar og dele kunnskap og kompetanse? Då kan hospitering vere det du treng. Vi tilbyr gratis hospitering i skulen for instruktørar og faglege leiarar.
Kva er hospitering?
Opplæringa av fagarbeidarar gjennom lærlingordninga skjer dels i skule og dels i lærebedrifta. Samarbeidet mellom skulen og arbeidslivet er difor avgjerande når ein skal utdanne gode fagarbeidarar. Hospiteringa går over fem dagar samanhengande eller som fem einskilde dagar gjennom skuleåret.
Mål for hospitering:
- auke kompetansen din i rolla som rettleiar
- styrke samarbeid skule- arbeidsliv
- sjå opplæringa i eit 4. årig løp
Stønad til hospitering
Bedrifter kan søkje om å få dekka tapt arbeidsforteneste (til dømes med kr. 15.000 for hospitering i fem dagar) når ein arbeidstakar hospiterer i skule.
Slik søker du om hospitering
Du kan sjølv kontakte skulen der du ønskjer å hospitere. Samarbeidsorgana kan også vere gode samarbeidspartnarar.
Det er leiaren på arbeidsplassen som sender søknad til fylkeskommunen, så ta kontakt med leiaren din dersom du ønskjer å hospitere.
Teikning av kontrakt
Ved teikning av lærekontrakt:
- Sjekk om kandidaten ligg som søkjar i Vigo bedrift. Dette gjeld innafor søknadsperioden som startar 1.mars kvart år. Fylkeskommunen opprettar kontrakt.
- Om ikkje kandidaten ligg som søkjar, kan bedrifta i nokre høve opprette kontrakt sjølv i Vigo bedrift. Ta kontakt med fylkeskommunen om dette ikkje går.
- Ta kontakt med fylkeskommunen for å avklare kva rett kandidaten har og om all teori er på plass.
- Alle kontraktar skal signerast digitalt, og ein finn igjen godkjente kontraktar i Vigo bedrift.
- Bedrifta skal sende kontrakten til fylkeskommunen innan to månader etter oppstart av læretid.
- Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa startar, sjølv om godkjenninga kjem seinare
- Dato for inngått arbeidsavtale skal vere påført kontrakten.