Utdannings- og rekrutteringsstipend

Det er mogleg å få stipend for å ta formell lærarutdanning for å undervise i vidaregåande skule.

Vestland fylkeskommune som skuleeigar søkjer for deg, men søknaden din må gå via ein vidaregåande skule og vere prioritert av rektor.

Ulike typar stipend

Utdanningsstipend

  • Kvalifiseringsstipend:
    Dersom du har relevant utdanning og underviser i skulen, men manglar godkjent lærarutdanning, kan du søkje om stipend for å ta:
    • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
    • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)
    • Yrkesfaglærarutdanning (YFL)
  • Stipend for minoritetsspråklege lærarar:
    Dersom du er minoritetsspråkleg lærar utan formell undervisningskompetanse, kan du søkje stipend for studie som inngår i ei lærarutdanning, og som tilfredsstiller krava for tilsetting i undervisningsstilling. Les meir om ordninga og målgrupper på Udir.
  • Stipend for ferdigstilling av påbegynt lærarutdanning:
    Dette er eit tidsavgrensa forsøk som har som formål å kvalifisere personar med påbegynt, men ikkje fullført lærarutdanning. Les meir om ordninga og målgrupper på Udir.

Korleis søkje utdanningsstipend?

Ta kontakt med rektor på skulen der du underviser for å undersøke om stipendordninga kan vere aktuell for deg og ditt fagområde. Dersom skulen finn det aktuelt, sender skulen søknaden til skuleeigar, som søkjer for deg hos Utdanningsdirektoratet.

Fristen for rektor for innsending til skuleeigar er 1. mars. Fristen for skuleeigar til å søkje stipend for deg er 15. mars. Svar på om søknaden er innvilga, blir sendt frå Udir i månadsskiftet april/mai.

Merk! Du må sjølv søke opptak til sjølve studiet innan dei fristane som gjeld ved universitetet eller høgskulen.

Rekrutteringsstipend

I enkelte fagområde der det er eit rekrutteringsbehov, er det mogleg å søkje stipend for personar utan tilsetjingsforhold i skulen, for å ta

  • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)
  • Yrkesfaglærarutdanning (YFL)'

Det vil vere skuleeigar gjennom den vidaregåande skulen som avgjer i kva fagområde det er aktuelt å rekruttere inn lærarar ved hjelp av rekrutteringsstipend.

Det er eit krav at søkjaren alt har kontakt med ein skule, og at skulen prioriterer søknadene og sender vidare til skuleeigar.

Denne ordninga gjeld berre for yrkesfaglærarutdanning (PPU-Y og YFL).

Søknadsprosessen elles er som for utdanningsstipend.

Generelt for alle stipend

Det ligg ikkje nødvendigvis nokre forpliktingar om jobbtilbod sjølv om en skoleeigar søkjer om stipend for deg, men utdanninga skal kvalifisere deg til en lærarjobb i skulen.

Stipendet er i utgangspunktet skattepliktig.

Utfyllande informasjon om stipenda finn du på Udir si nettside,