Hospitering og yrkesfaglærar 2

Skular og lærebedrifter kan søkje om midlar for å fornye og utvikle kompetanse innan eige fagområde, styrke kompetanse rundt opplæringsrolla og utvikle samarbeidet mellom skule og bedrift.

Ordningane er ein del av den statlege satsinga på kompetanseutvikling innan yrkesfag.

Mål for tilskotsordningane

  • Styrke kompetanse i skular og lærebedrifter ut frå lokale behov
  • Styrke samarbeid mellom skule og arbeidsliv
  • Utvikle kompetanse og bygge nettverk mellom skule og arbeidsliv
  • Sjå yrkesopplæringa i eit 4-årig løp

To ordningar

Fylkeskommunale vidaregåande skular i Vestland får tildelt midlar for begge ordningane.

Bedrifter og private vidaregåande skular i Vestland kan søke i søknadsskjema. Private vidaregåande skular må ha yrkesfagleg utdanningsprogram og vere godkjent etter friskulelova §2-1.  

Hospitering i skule eller bedrift, og Yrkesfaglærar 2.

Kven kan få tilskot og korleis gå fram

Dei som kan søkje tilskot er instruktørarar/faglege leiarar i bedrifter og yrkesfaglærarar i private og fylkeskommunale vidaregåande skular.

  • Bedrifter:
    Instruktørarar/faglege leiarar kan få tilskot til å hospitere på ein vidaregåande skule, og få nyttig innblikk i korleis elevane jobbar i skulen etter læreplanar i fagfornyinga. Bruk søknadsskjema (på høgre side).
  • Private vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram:
    Yrkesfaglærarar kan få tilskot til å hospitere i ei bedrift for å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke, eller andre yrke i same utdanningsprogram. Bruk søknadsskjema (på høgre side).
  • Yrkesfaglærar i vidaregåande skule kan få tilskot til å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke, eller andre yrke i same utdanningsprogram. Dei fylkeskommunale skulane får tildelt eit tal hospiteringsdagar. Skulen disponera desse fritt innan for ramma 3-10 dagar.   

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Krav til hospitering

  • Hospiteringa må vere på minimum 3 dagar, og tilskotet er kr. 3 500,- per dag (maksimum 10 dagar).
  • Hospiteringa er forankra i leiinga i skule/bedrift - leiar sender eventuell søknad.
  • Det må ligge føre avtale mellom skule og bedrift med plan for hospiteringa.
  • Rapportering på bruk av hospiteringsmidlar har frist 10.februar  

Kontaktperson

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Dagfinn Henjum Sværen på e-post dagfinn.henjum.sveren@vlfk.no

Ordninga «Yrkesfaglærar 2», gjer det mogleg for skular å hente fagkompetanse frå arbeidslivet inn i skulen.

Målet med ordninga er å få fagpersonar frå arbeids- og næringsliv direkte involvert i yrkesfagleg opplæring. Dette vil styrke relevansen i yrkesopplæringa, auke motivasjonen til elevane, og bidra til relasjonsbygging mellom skule og arbeidsliv.

Fagpersonane må vere frå lokalt eller regionalt næringsliv, og ha kompetanse som er relevant for utdanningsprogrammet jf. læreplan i faget. Opplæringa kan finne stad i skule eller bedrift.

Midlane skal brukast til å honorere bedrift/fagperson som gir opplæring, og for å dekke utgifter knytt til transport av elevar ut i bedrift.

Kven kan få tilskot og korleis gå fram  

  • Private vidaregåande skular i Vestland kan søke i søknadsskjema. Private vidaregåande skular må ha yrkesfagleg utdanningsprogram og vere godkjent etter friskulelova §2-1. 
  • Fylkeskommunale vidaregåande skular får tildelt midlar til yrkesfaglærar 2 og skal ikkje søkje her. Dersom det er behov utover tildelt midlar, nytt søknadsskjema.

Søknadsfrist

Fristen for å søkje er 1.oktober.

Rapporteringsfrist

Fristen for rapportering er 10.februar. 

Kontaktperson

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Dagfinn Henjum Sværen på e-post dagfinn.henjum.sveren@vlfk.no