Grip sjansen og fullfør vidaregåande opplæring
Vi kan hjelpe deg med å fullføre vidaregåande opplæring.
Slutta du før du var ferdig med skulen eller læretida? Manglar du eitt eller fleire fag, eller fekk du ikkje tatt fagprøven?
Vestland fylkeskommune ønskjer at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring. Vi kan hjelpe fleire med å kome i mål!
Kven kan søkje?
Tilbodet er retta mot deg som ikkje har fullført vidaregaånde opplæring.
Det gjeld både for arbeidsledige og permitterte, men også for deg som er i jobb.
Du må vere folkeregistrert i Vestland.
Kva tilbyr vi?
Det vil bli sett i gang ulike tiltak ut i frå behova til dei som er i målgruppa. Dette kan vere eksamensførebuande kurs mot privatisteksamen, plass i den ordinære vaksenopplæringa eller andre tilbod, t.d. mot generell studiekompetanse.
Gratis
Du betalar ingenting. Tilbodet er gratis.
Har du spørsmål
Har du spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne i Vestland fylkeskommune kan du ta kontakt med rettleiingskontoret du høyrer til.