Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø

Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø fritt for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det er di oppleving som skal ligge til grunn for skulen si oppfølging. Meld ifrå dersom du eller nokon du kjenner ikkje har det bra på skulen!

Meld ifrå dersom du ikkje har det bra på skulen 

Snakk gjerne med kontaktlærar, ein tilsett du stolar på eller rektor dersom du ikkje har det bra på skulen. Du kan også ta kontakt med rådgjevar, miljøarbeidar eller skulehelsetenesta. 

Du kan melde ifrå digitalt ved hjelp av skejmaet på høgre side.

Alle på skulen har ansvar for at skulemiljøet er trygt og godt 

Opplæringslova skal bidra til at du har det trygt og godt på skulen, trivest og kan lære best mogeleg.

Skulen har ei plikt til å jobbe førebyggjande for å fremje helsa, miljøet og sikkerheiten til elevane.

Du som elev har medansvar for skulemiljøet, og du har rett til å medverke i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø.  

Sikkerheit handlar også om å vite at skulen gjer noko, dersom noko skjer.

Skulen skal ha nulltoleranse for krenkingar. Opplæringslova nemner mobbing, vald, diskriminering og trakassering, men skulane skal også ha nulltoleranse og for mindre alvorlege krenkingar.

Direkte handlingar som til dømes hatytringar, eller meir indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking, skal ikkje tolererast.  

Skulen har ei aktivitetsplikt som skal sikre at det handlast raskt og rett dersom du opplever krenkingar:

  •  Alle som arbeider på skulen har ei plikt til å følgje med på om du har eit trygt og godt skulemiljø. 
  • Alle som arbeider på skulen har plikt til å gripe inn og stoppe ei pågåande krenking, dersom det er mogeleg. 
  • Alle som arbeider på skulen har plikt til å varsle dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at du ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.  
  • Rektor er ansvarleg for at skulen undersøkjer kva som har skjedd. 
  • Rektor er ansvarleg for at skulen lagar ein aktivitetsplan med eigna tiltak for at du skal få eit trygt og godt skulemiljø. 

Skulen skal sørgje for at du, og andre involverte, blir høyrde og at ditt/deira beste ligg til grunn for alle avgjerder. Skulen skal involvere deg i arbeidet med aktivitetsplanen, som å velje og evaluere tiltak.  

Kva må du sjølv bidra med? 

Det er viktig at du samarbeider med skulen når skulen skal finne ut kva som har skjedd, og når skulen skal lage aktivitetsplan. Då er det best moglegheit for å sette inn rett tiltak.

Kva kan du få hjelp til?

Du har rett til å få nødvendig støtte og hjelp av vaksne på skulen for å få eit trygt og godt skulemiljø igjen.

Skulen må saman med deg sjå på kven som best kan støtte deg. Det kan vere kontaktlærar, miljøarbeidar, rådgivar eller andre tilsette på skulen. I nokre tilfelle kan til dømes PPT, politi, BUP eller konfliktrådet være rette støttespelarar.

Kva som er nødvendig støtte og hjelp skal dokumenterast i ein aktivitetsplan.

Om du blir mobba/krenka: Korleis blir saka tatt opp med dei som mobbar/krenkar? 

Det varierer frå sak til sak. Den som har mobba/krenka har også rett til å bli høyrt i saka og å få sitt beste vurdert ved val av oppfølging og eventuelle sanksjonar.

Kven tek saka videre, kven blir involvert? 

Rektor har ansvar for at det blir laga ein aktivitetsplan som handlar om korleis saka du skal løysast. Planen skal lagast i samarbeid med deg.

Rektor har og ansvar for at skulen set inn tiltak, slik at du får det trygt og godt på skulen. I mange tilfelle er det kontaktlærar, avdelingsleiar eller rådgivar som har et særleg ansvar for oppfølginga.

I alvorlege saker skal fylkeskommunen (skuleeigar) hjelpe skulen i saksbehandlinga. Det skal gi deg ein ekstra sikkerheit for at rettane dine blir ivareteke.

Dersom du er under 18 år, har skulen ansvar for å informere dine føresette om saker av betydning og legge til rette for samarbeid med dei. Skulen kan ikkje gje dei føresette dine opplysningar som er omfatta av teieplikta.

Du kan sjølv involvere statsforvaltaren om du ikkje er nøgd med skulen si handtering av saka.

Korleis blir informasjonen som blir gitt frå deg handsama? 

Dette er sensitiv informasjon som skal behandlast etter strenge bestemmingar i personopplysningslova og arkivlova. Berre dei som treng informasjon for å følgje opp saka, skal få innsyn.

Alle tilsette har teieplikt.

Du har rett til innsyn i saksdokumenta.

Ta kontakt med Statsforvalteren i Vestland dersom du meiner at skulen ikkje gir deg den hjelpa du treng.

Det må gå minst ei veke frå du kontaktar rektor før du kontaktar statsforvaltaren, med mindre det er særlege grunnar til at du ønskjer å melde vidare før det har gått ei veke.