Meir opplæring i fag frå vidaregåande skule

Dersom du har gjennomført opplæring og fått karakteren 1 eller IV i eit eller fleire fag, kan du har rett til meir opplæring i faget. Opplæringa skal føre fram mot ein ny standpunktkarakter. Dersom du ønskjer meir opplæring skuleåret 25/26, må du melde frå til oss innan 1. juli.

Du har rett på meir opplæring dersom du har vore elev i eitt fag, gjennomført opplæringa og fått karakteren 1 i standpunkt eller på eksamen. Du har også rett på meir opplæring dersom du fekk ikkje vurdert (IV) etter 1. mars det året du var elev.  Meir opplæringa gjeld både for elevar som ikkje består fag dettee skuleåret, og fag du var elev i for nokre år sidan.

Korleis er opplæringa organisert

Det er skulen der du var elev som har ansvar for å organisere opplæringa for deg. Dersom du har begynt på ein annan skule eller bur ein annan stad, kan skulen din avtale med ein annan skule at du får opplæringa der.  For ungdom/vaksne som er ferdige med ordinær opplæring i skule, kan fylkeskommunen og gi tilbod om meiropplæring som nettskule. 

Du vil få opplæring i heile læreplanen, men opplæringa kan vere komprimert. Det er skulen som bestemmer korleis opplæringa blir organisert. Du må delta i opplæringa og fråværsgrensa vil gjelde.

Kan eg bli trekt ut til eksamen?

Hovudregelen er at dei som får meir opplæring ikkje skal trekkast ut til eksamen. Unntaket er dersom du treng eksamen for å oppfylle kravet til eksamenar på vitnemålet ditt.

 

Ja, du kan få meir opplæring og samtidig vere oppmeldt til ny, utsett, eller særskild eksamen (NUS-eksamen). 

Du har rett på ny eksamen dersom du fekk karakteren 1 på ein eksamen skulen trekte deg ut til som elev. Du har rett til særskild eksamen dersom du fekk 1 i standpunkt. Dersom du var sjuk på eksamen og har dokumentert fråvær, har du rett på ny eksamen. 

Du må ta NUS-eksamen semesteret etter at du fekk 1 standpunkt eller på eksamen eller var sjuk på eksamen.

Du kan vere oppmeldt til NUS- eksamen og samtidig få opplæring på ein skule. Opplæringa du får skal ikkje eksamensretta. Dersom du er oppmeldt til NUS-eksamen,  kan du tidlegast få ny standpunktkarakter etter at resultatet på NUS-eksamen er klart. Består du eksamen, mister du retten til opplæring i faget og må slutte i faget.

Om du har fått karakteren 2 eller betre i eit fag er det bestått. Då har du ikkje rett til meir opplæring. Om du vil forsøke å forbetre karakteren, må du eksamen som privatist.

 

Nei, du kan ikkje vere privatist i same fag som du mottek meir opplæring i.

Du kan lese meir om regelverket i opplæringsforskrifta § 5-2.