Fylkesmeisterskap for yrkesfag

Vestland fylkeskommune arrangerer fylkeskonkurransar for elevar i yrkesfag. Vi vil i samarbeid med World Skills Norway legge til rette for deltaking i Skule-NM i aktuelle fag.

Det vil variere frå år til år kva fag det blir arrangert fylkeskonkurransar og Skule-NM i.

Fylkesmeisterskap 2023

Fylkesmeisterskapen vil også i år gå føre seg på fleire vidaregåande skular i fylket. Kvar konkurranse går over ein dag i veke 7 og vinnarane går vidare til Skule-NM.

Det blir i stor grad tatt utgangspunkt i NM-oppgåver 2023 i konkurransane. Desse vert tilgjengleg på worldskills.no tidleg i januar. Der finn de og tidlegare NM-oppgåver.

Sjå påmeldingslenka for oversikt over konkurransefag.

Vi håpar at flest mogleg elevar har lyst og høve til å vere med å konkurrere!