Pedodonti

Barnetannlege for barn og unge med spesielle tannbehov.

Kva er pedodonti?

Spesialistar i pedodonti er utdanna til å ta hand om barn og ungdom som har behov for spesiell kompetanse innan tannhelse (barnetannlege).

Behandling 

Pedodontisten har også kunnskapar og ferdigheitar innan tilgrensa fagområde, som pediatri, barnepsykologi, helsepedagogikk og farmakologi.

Pedodontistane er derfor godt skikka til å vere rådgjevarar og rettleiarar for allmenntannlegar i samband med kompliserte og sjeldne kasus. Det kan vere å handtere komplekse orale tilstandar, takle vanskeleg åtferd i samband med tannbehandling, ivareta munnhelse hos alvorleg sjuke og funksjonshemma, og å planlegge og koordinere tverrfagleg behandling hos krevjande pasientgrupper.

Vi kan utføre behandlingar i sedasjon og/eller med lystgass. Pasientar med særlege kompleks behandlingsproblematikk kan ha behov for å gå til behandling over ein lengre periode.

Pasientar som det er aktuelt å tilvise til spesialist i pedodonti:

  • sjelden medisinsk tilstand
  • tannutviklingsforstyrringar: diagnostisering og behandling
  • kirurgi på barn og ungdom
  • alvorleg kariessituasjon i kombinasjon med andre problem og behandlingsproblem av psykologisk art.
  • alvorlege traumer og etterfølgande komplikasjonar
  • tap av tannsubstans, inkludert barn og ungdommar med eteforstyrringsproblematikk.
  • fysiske funksjonshemmingar/sjukdommer. For eksempel barn og ungdommar med hjartesjukdom og Down syndrom
  • psykiske funksjonshemmingar/handikap inkludert utviklingsforstyrringar av ulik grad og oralmotoriske problem. I denne gruppa inngår også barn med nevropsykiatriske diagnosar (for eksempel autisme), og problem med verbal kommunikasjon
  • utgreiing og behandling av TMD (Temporomandibulær dysfunksjon). 

Tilvising til pedodontist

Pasientar med behov for pedodontibehandling, skal tilvisast til Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vestland.

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

For tilsette i tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til tkvestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.