Kjeveortopedi
Ulike behandlingstilbod med tannregulering.
Det er for tida inntaksstopp, det vil seie at vi dessverre ikkje tek inn fleire pasientar akkurat no.
Kva er kjeveortopedi?
Kjeveortopedi er læra om bittavvik, tannstilling og vekst, i tillegg til estetikk og funksjonalitet. Vi er opptatt av både førebygging og behandling.
Ansiktsform, kjevane sitt tilvekstmønster, tannstørleik og tannform er for det meste arveleg betinga. Miljø kan også spele inn i utviklinga av tannstillingsfeil, som langvarig fingersuging og karies som fører til tidleg tap av mjølketenner.
Det er flest born og unge som blir tilvist til kjeveortoped, men tendensen er aukande når det gjeld behandling av vaksne pasientar. Omlag 30 prosent i eit barnekull har eit kjeveortopedisk behandlingsbehov.
Tannregulering
Du treng tilvising frå tannlege eller tannpleiar før konsultasjon hos kjeveortoped kan finne stad.
Ei tilvising i ung alder betyr ikkje alltid ein tidleg behandlingsstart. Våre kjeveortopedar vil følge opp bittutviking, slik at behandlinga kan startast opp på den optimale biologiske alder for kvar enkelt.
Ved konsultasjon første gong gjer vi nødvendig dokumentasjon i form av røntgenbilder, studiemodellar etc. for å kunne gi ei best mogeleg behandling og i tillegg fastsette graden av behandlingsbehov.
Med unntak av tilfelle der behovet berre er estetisk, kan du få refusjon frå HELFO. Denne varierer frå 40 % til 100 %. Søskenmoderasjon blir gitt frå barn nummer to etter særskilte reglar, og om refusjon blir gitt må behandling starte innan fylte 20 år. Ei kjeveortopedisk behandling tar vanlegvis 1,5 – 2 år, men dette kan variere.
Etter avslutta behandling stabiliserer ein ofte tennene med enten plater eller tynne metalltrådar som blir limt bak tennene i over- og underkjeven sin front.
Fast apparatur (streng)
Det fins mange typar apparat, men det mest vanlege er fast tannregulering ("streng"). Den blir limt på tennene, og tennene bevegar seg ved hjelp av metalltrådar som blir festa til reguleringsklossane. Vi tilbyr fast apparatur med stålklossar og estetisk keramiske klossar (kvite).
Platebehandling
Ved enkelte tidlege behandlingar, brukar ein avtakbare plater. Desse kan som regel takast av og på av pasienten. Platene vert brukt til mindre behandlingar eller som innleiing til eller del av ein større behandling. Platene er framstilt av plast og stål.
Invisalign
Ved små bittfeil kan vi regulere tennene utan fast apparatur, men med ein serie gjennomsiktige plastskinner. Denne må med jevne mellomrom skiftast ut i behandlingsperioden.
Takstar/refusjon
For born og ungdom under 20 år dekkjer HELFO deler av behandlinga, avhengig av alvorlighetsgrad, bittfeil og om søsken har hatt eller eller er under kjeveortopedisk behandling.
- Gruppe A
100 prosent refusjon frå offentlege takstar/honorar: for eksempel store bittfeil som krev kirurgisk korreksjon i tillegg til regulering, leppe-ganespalter og born med leddgikt og medfødte kraniofaciale lidingar. - Gruppe B
75 prosent refusjon eller 90 prosent ved søsken moderasjon. Store bittfeil for eksempel overbitt >9mm, underbitt, svært djupe bitt, manglande fortenner og hjørnetenner osv. - Gruppe C
40 prosent refusjon elles 60 prosent ved søskenmoderasjon, for eksempel tannstillingsavvik slik som store luker mellom tenner eller tenner som står for tett, moderat djupt bitt og moderat overbitt osv.
Refusjon for vaksne
I nokre tilfelle kan vaksne og få stønad til tannregulering frå HELFO. Eksempel:
- Kjeveortopedisk behandling ved marginal periodontitt (tannkjøttsbetennelse)
- Preprotetisk kjeveortopedisk behandling i.f.m. tannskade ved godkjent og ikkje godkjent yrkesskade.
Tilvisingsrutinar for kjeveortopedi
Pasientar som har behov for spesialistbehandling i kjeveortopedi kan ta kontakt med oss på telefon 55 33 76 00 eller e-post tkvestland@vlfk.no.