Kjeve- og ansiktsradiologi

Spesialistkompetanse innan røntgenundersøkelsar.

Kva er kjeve- og ansiktsradiologi?

Kjeve- og ansiktsradiologi er røntgenundersøkelse av tenner, kjever og mellomansikt, og omkringliggjande vev.

Behandling

Spesialist i kjeve- og ansiktsradiologi (radiolog) utgreier ein mistenkt diagnose og kan unngå inngrep der det ikkje er nødvendig. Bilda blir granska av radiolog. 

TkVestland har tilgang på dentalapparat, panoramarøntgen, 3D røntgen, cephalostat og CBCT. Radiologiske undersøkingar med CBCT er ofte nyttig i høve der konvensjonelle radiologiske undersøkingar ikkje gir tilstrekkeleg informasjon. Eksempel kan vera visdomstenner, ved mistanke om cyster, tumor, infeksjonstilstandar og ved kjeve- og ansiktsskadar. Stråledosane er tilpassa kjeve- og ansiktsområdet og er lågare enn ved vanleg medisinsk CT. Bildebeskrivelse blir sendt til henvisande tannlege.

Ein kjeve- og ansiktsradiolog tilfører høg diagnostisk kompetanse både til allmenntannlegar og ulike spesialistar i helseregionen. Det kan vera pasientar med tann- og kjeveskader, aggressive kjeveinfeksjonar, ekspansive kjeveprosessar, oral implantatvurdering, spyttkjertel-obstruksjonsproblem, kjeve- og ansiktssmerter knytt til kjevefunksjonsproblem, kjeveutviklingsforstyrringar og ei rekkje andre problemstillingar.

Tilvising til kjeve-og ansiktsradiologi

Pasientar som har behov for kjeve-og ansiktsradiologi, kan tilvisast til Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland. Vi har inga ventetid.

Tilvisinga må innehalde:

  • pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • klinisk diagnostisk problemstilling
  • opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For private tannlegar:
Fullstendig tilvising kan sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

For tilsette i tannhelsetenesta:
Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: tkvestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.