Endodonti
Endodonti (rotbehandling) er førebygging og behandling av infeksjonar i tenner og omkringliggande kjevebein.
Behandling
Ventetid før du kan få behandling: 3 månadar.
Målet med rotbehandling er å oppretthalde tanna sin funksjon ved å fjerne betent og/eller infisert vev i rotkanalen, samt å førebygge vidare spreiing av infeksjonen til omliggande kjevebein.
Sjølve behandlinga er i dei aller fleste tilfelle smertefri. Det er vanleg at tanna kjennes litt øm nokre dagar etter behandlinga. I sjeldne tilfelle kan det inntreffe akutte symptom, men dette vil ikkje ha innverknad på prognosen.
Rotbehandling kan vere både tidkrevande og vanskeleg. Dette skuldast at røtene i mange tilfelle har fleire kanalar, er bøgde eller kan ha forkalkningar som er til hinder for den desinfiserande utreinsinga.
Spesialistbehandling med avansert teknisk utstyr som til dømes mikroskop er nødvendig for optimal behandling. I nokre tilfelle vert det supplert med eit kirurgisk inngrep for å fjerne den infiserte rotspissen, der konvensjonell behandling ikkje har gitt forventa resultat.
Rotbehandling er i dag ei føremålstenleg og sikker behandlingsform. Prognosen er god med eit vellukka utfall på opptil 80-95%. Det er viktig at den rotbehandla tanna blir forsegla med ei tett fylling eller krone. Dette hindrar at bakteriar kjem ned i rotkanalane igjen, med ein eventuell ny infeksjon som resultat. Etter avslutta behandling hos rotfyllingsspesialisten må pasienten få restaurert tannkrona.
Tilvising til endodonti
Pasientar som har behov for spesialistbehandling i endodonti, kan tilvisast til Tannhelsetenesta, kompetansesenter Vestland.
For private tannlegar
Fullstendig tilvising kan sendast til
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen
Tilvisinga må innehalde
- pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
- relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
- klinisk diagnostisk problemstilling
- opplysningar om ev. trygderefusjon
For tilsette i tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune
Tilvisning kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: tkvestland@vlfk.no
I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvisning.