Klagerettar for tannhelsepasientar

Du som pasient eller pårørande kan klage om du opplever at du ikkje får tannhelsetenester, eller at kvaliteten på tenestene er uforsvarlige.

Det er to typer klager.  Den eine er rettsklage, det vil seie at at du ikkje får den hjelp du har krav på, og den andre er klage på behandlinga du har fått.  

Klage på manglande behandlingstilbod - rettsklage 

Du kan klage over manglande rett til tannhelsehjelp etter lov og godkjent plan, usakleg forskjellsbehandling eller at tannhelsetenester ikkjheld rimeleg minstemål. 

Du må rette ein slik klage på manglande behandlingstilbod til fylkestannlegen Vestland:

Vestland fylkeskommune 
Tannhelsetenesta 
Sandslihaugen 30 
5254 Sandsli 

Klage på utført behandling 

Kontakt tannlege/tannpleier på klinikken der behandlinga er utført. Dei fleste klagesaker kan finne ei løysing lokalt. Er du fremdeles misnøgd eller har spørsmål: Send skriftleg klage til overtannlegen i distriktet som er saksbehandlar av klager.

Du kan anke 

Dersom du ikkje er tilfreds med avgjersla i ei klage på utført behandling, kan du anke avgjersla skriftleg til fylkestannlegen. 

Du må fremje anken seinast tre veker etter at du fekk svaret frå overtannlegen. 

Anken sender du til: 
Vestland fylkeskommune 
Tannhelsetenesta 
Sandslihaugen 30 
5254 Sandsli 

Fekk du ikkje medhald?

Dersom du ikkje får medhald i klagen eller klagen blir avvist av fylkestannlegen, kan du anke til: 


Fylkesmannen i Vestland 
Statens hus 
Njøsavegen 2 
6863 Leikanger