Innsyn i pasientjournalen din

Som pasient har du rett til innsyn i eigen pasientjournal, og kan be om å få journalutskrift.

Kven kan be om innsyn?

Pasient eller verje/føresette kan be om innsyn i journal.
Føresette til barn under 16 år har med nokre unntak, har rett til innsyn i barnet sin journal, og til å få journalutskrift.

Over 16 år

Føresette har som hovudregel ikkje rett på innsyn/kopi av journal for barn over 16 år.

Pårørande

Pårørande som ønskjer utskrift må leggja fram fullmakt frå pasienten sjølv, eventuelt hjelpeverje, og vise legitimasjon. 
Næraste pårørande har rett til innsyn i journal etter ein pasient sin død, om ikkje særlege grunnar talar mot dette.

Slik får du innsyn i journalen:

Du må be den lokale tannklinikken om innsyn i journalen. Det er unntak for journalar i papirform.

Slik får du innsyn i papirjournal: Her kjem det informasjon seinare.