Vil du endre eller avbestille timen din?

Ring tannklinikken du har time hos, så snart som mogleg. Då kan vi gi timen din til nokon andre som treng behandling.

På denne sida finn du telefonnummer, e-post og opningstider til alle tannklinikkane i Vestland tannhelseteneste.  (NB! Ikkje bruke e-postadressa post@vlfk.no til å avbestille time!)

Gebyr ved avbestilling

Betaler du sjølv for behandlinga, må du avbestille eller endre timen seinast 24 timar før timeavtalen. Gjer du ikkje det, må du betale gebyr. Dette gjeld også born og unge som skal til kjeveortoped.

Gebyrsatsar:

  • 1 230 kr for ordinær behandling
  • 1 595 kr hos spesialist

Møter du ikkje til timen, må du sjølv bestille ny time.

Viktig om sensitive opplysningar

Ikkje send helseopplysningar eller andre sensitive opplysningar på e-post. Må du sende slike dokument elektronisk, bruk sikker sending:  Send post på ein sikker måte.