Vestland – Statistikk og utviklingstrekk
Eit oppdatert og digitalt kunnskapsgrunnlag
(trykk på pila for å utvide PowerBI til fullskjerm)
Vestland – Statistikk og utviklingstrekk er ei samling av tal og fakta innafor eit breitt spekter av samfunnstema. Målet er å gje ei oversikt over dei mest sentrale utviklingstrekka innafor tema som demografi, næring, utdanning, kultur, levekår, helse og natur.
Vestland – Statistikk og utviklingstrekk er publisert som ein trykt versjon som kunnskapsgrunnlag til regional planstrategi/utviklingsplan for Vestland.
Statistikksamlinga må oppdaterast laupande slik at den kontinuerleg kan vere aktuell for arbeidet med å setje retning og mål for dei planane og strategiane som skal utarbeidast for det nye fylket.
Difor har vi sett i gang eit arbeid med å gjere heile kunnskapsgrunnlaget digitalt.
Per dags dato (01.07.21) er følgjande kapittel digitale:
1. Folk og busetting
2. Utdanning og kompetanse
3. Næring og økonomi
7. Samferdsle
8. Kultur