Fylkesting for ungdom og Vestland ungdomsutval

Fylkesting for ungdom og Vestland ungdomsutval har ei rådgjevande rolle i den fylkeskommunale verksemda og har rett til å uttale seg i saker om ungdom.

Fylkesting for ungdom (FFU) har møte/samling ein gong i året. Vestland ungdomsutval (VU) er arbeidsutvalet – det utførande organet – til fylkesting for ungdom. Utvalet har ein valperiode på inntil to år.

Dette er fylkesting for ungdom

Fylkesting for ungdom (FFU) er det øvste talerøyret for ungdom i Vestland fylke. FFU skal arbeide med å ivareta ungdom i Vestland sine interesser og auke samfunnsengasjementet hos ungdomen. FFU arbeider for å fremje ungdomsmedverknad, politisk engasjement og gir innsyn i demokratiet som styreform og folkestyret som grunnverdi.  

Fylkesting for ungdom skal ha ein årsmøtefunksjon ovanfor Vestland ungdomsutval, der Vestlands Ungdomsutval (VU) rapporterer til FFU om sitt arbeid i løpet av året. FFU skal behandle fjorårets 
rekneskap, årsmelding og forslag til budsjett for komande periode. FFU lagar og vedtek ungdommens planprogram, det øvste politiske dokumentet for VU. Planprogrammet inneheld måla til VU og kva fylkesting for ungdom meiner på konkrete politiske saker den komande perioden. 

Kven er med i fylkesting for ungdommen?

FFU er eit demokratisk og partipolitisk nøytralt organ. Sjølve tinget vert arrangert ein gong i året og består av ungdom mellom 13 og 19 år som bur i Vestland. 

Kvar kommune i Vestland, uavhengig av folketal, kan sende to delegatar til fylkesting for ungdom. Desse skal veljast frå dei kommunale ungdomsråda. Delegatar stiller med tale-, forslags- og røysterett. 

Om kommunane ynskjer å sende fleire representantar er det plass til totalt ti observatørar. Desse stiller med talerett, men utan forslags -og røysterett.  

Vestland ungdomsutval 

 Vestland ungdomsutval (VU) er arbeidsutvalet til fylkesting for ungdom (FFU) i Vestland fylkeskommune. VU følgjer opp vedtak gjort av FFU og rapporterer til FFU.  

Kven er med i ungdomsutvalet?

VU skal bestå av ni medlemer, inkludert leiar og nestleiar. Desse vert valt på fylkesting for ungdom. Det skal òg veljast sju varamedlemer. Fire av medlemene skal veljast for to år. Dei fem resterande medlemane, i likskap med vara, har ein valperiode på eitt år.  

Vestland ungdomsutval fastset eigen møteplan. I utgangspunktet skal dei ha seks ordinære møter i året, i tillegg til nettverkssamling for ungdomsråd og fylkesting for ungdom 

VU kan innanfor sitt arbeidsområde: 

  • Gi uttale til forslag til økonomiplan og årsbudsjett 
  • Gi uttale til regionale planar som angår ungdom 
  • Gi uttale til saker som andre fylkeskommunale organ legg fram 
  • Gi råd i alle saker som gjeld levevilkår for ungdom knytt til fylkeskommunal verksemd 
  • Arbeide for å utvikle eigen organisasjon og verksemd 

Lenker

Ungdommens fylkesting blir helga 9. til 11. april 2021

Ungdommens planprogram 2020

Oversikt over medlemmar og møte kjem på denne sida i e-innsyn.