Høyring: Temaplan for reiseliv i Vestland 2023-2025

Temaplan for reiseliv i Vestland fylke er no ute til høyring. Kommunar, organisasjonar og andre er invitert til å komme med innspel til planen innan 14. oktober.

Hovudutval for næring vedtok 14. september 2022 å leggje Temaplan for reiseliv i Vestland 2023-2025 ut på offentleg høyring.

Vi inviterer no alle interesserte til å sende inn innspel.

Kva er temaplan for reiseliv?

Temaplanen konkretiserer korleis fylkeskommunen vil arbeide for utviklinga av berekraftig reiseliv i Vestland gjennom eigne økonomiske verkemiddel, rolla som fagleg rådgjevar og gjennom samarbeid
mellom dei ulike aktørane som har ei rolle i reiselivsutviklinga.

Utkastet til temaplanen er utarbeidd i tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren i Vestland, destinasjonsselskapa i fylket og Fjord Norge AS. Planen baserer
seg i stor grad på utfordringane som er løfta fram i Innovasjon Norge sin nasjonale reiselivsstrategi frå 2021.

Delta på høyringsmøte

Vi inviterer til digitalt høyringsmøte 4- oktober. Her vil vi orientere om høyringsutkastet, men det vil også bli høve til å komme med innspel og spørsmål. Meld deg på høyringsmøte.

Fylkestinget skal vedta endeleg plan i desember 2022. Ein årleg tiltaksplan for konkrete oppgåver vil bli utforma med utgangspunkt i tilgjengelege ressursar. Denne vil være klar januar 2023.