Høyring: Forskrift om skulereglar i Vestland fylkeskommune

Det blir foreslått justeringar i dagens ordens- og åtferdsreglement. Delar av endringane har samanheng med ny opplæringslov, mellom anna at reglementet skal gå over til å heite «skulereglar». Andre forslag har bakgrunn i erfaringar med gjeldande reglar.

På same måte som i dag, er det skulereglane som vil vere grunnlaget for å vurdere ordenen og oppførselen til elevar i den vidaregåande skulen. Det er òg skulereglane som vil regulere kva tiltak som kan nyttast dersom nokon bryter reglane.

Kva er foreslått?

I høyringsnotatet vil du finne ei fullstendig oversikt over forslag til endringar. Det er mellom anna foreslått at skulereglane så langt dei passar også skal gjelde for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Det er òg foreslått ei ny føresegn om korleis skuledemokratiet skal vere organisert. Eit anna forslag er at sanksjonar «kan» nyttast ved brot på reglane, og ikkje at dei alltid «skal» nyttast. Samstundes er mykje av dagens ordens- og åtferdsreglement foreslått vidareført. I forslaget til skulereglar er det gjort enkelte språklege og strukturelle endringar.

Sentrale punkt å gi innspel på

Det er særleg ønskeleg med innspel på følgande moglege endringar:

  • Om skulereglane skal forby bruk av russeklede og andre russeeffektar, der bruken i den konkrete saka fører til at andre elevar blir ekskludert.

  • Om skulereglane skal gjere det mogleg å sanksjonere brot på forbodet i opplæringslova om bruk av plagg som heilt/delvis dekker ansiktet. Forbodet følger av opplæringslova, men kan ikkje blir sanksjonert med mindre det følger av skulereglane.

  • Om det er tilstrekkeleg at kvar einskild skule har moglegheit til å lokalt regulere bruken av mobiltelefonar og smartklokker, eller om det er behov for felles regulering for alle skulane. Om det skal vere fellesreglar er det ønskeleg med innspel på kva reglane då skal vere.

  • Om det er nødvendig å framleis ha reglar som informerer om prosessen ved klage på sanksjonar og dei ulike klageinstansane (forslaget §§ 13 og 14).

Meir informasjon om desse punkta er å finne i det vedlagte høyringsnotatet. Dei som ønsker å gi innspel er oppmoda til å gjere seg kjende med vurderingane i høyringsnotatet. Det er òg opent for å gi innspel til andre delar av skulereglane.

Kven kan komme med innspel?

Høyringa er open. Dette betyr at alle som ønsker det kan komme med innspel. Elevar/deltakarar, elevråd og tilsette sine organisasjonar er særleg oppmoda til å gi innspel.

Vidare prosess

Forslag til endringar vil bli lagt fram for politisk behandling i fylkestinget i juni 2024. Føresett politisk vedtaking vil skulereglane vere klare til skulestart i august 2024. Dei vil då erstatte dagens ordens- og åtferdsreglement.

Høyringa er open frå 15. april t.o.m. 20. mai 2024. Fristen for å gi innspel er absolutt.