Kvernsteinparken

Geologiske og arkeologiske undersøkingar har dei siste åra vore med å gi heilt ny og verdfull kunnskap om omfang og alder på dette særeigne kulturminnet og produksjonslandskapet.

 

Gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune tok, etter innspel frå Riksantikvaren, initiativ til å utarbeide ein forvaltnings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane.

Dei viktigaste initiativa for å få gjennomført faglege granskingar av steinbrota har kome frå lokalt hald gjennom Hyllestad kommune og Kvernsteinsprosjektet. Prosjektet, som vart sett i gang i 1995, har som siktemål å få auka og formidla kunnskapen om kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad, å sikre og verne brota, og å gjere området til ein attraksjon for lokalmiljøet og for reiselivet. Dette munna mellom anna ut i opninga av Kvernsteinsparken i 2002.

Forvaltningsplanen er utarbeidd parallelt med kommuneplan for Hyllestad kommune 2009–2020, som vart vedteken hausten 2009 etter gamal plan- og bygningslov. Etter ny plan- og bygningslov vil retningsliner og sjekklister som forvaltningsplanen foreslår, kunne jamførast med forslag til føresegner til omsynssoner i ein områdeplan.