Folkehelse
Vestland fylkeskommune har ansvar for å koordinere folkehelsearbeidet i fylket.
Det overordna målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusere helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper, kvinner og menn. Prioriteringar i arealplanlegging kan fremja eller hindra folkehelsa.
I plan og bygningslova står det at planar skal «fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller, samt bidra til å forebygge kriminalitet.»
Korleis sikre folkehelse i arealplanlegginga?
Sikring av folkehelse gjennom arealplanlegging krev heilskapleg planlegging innanfor fleire område. Mellom anna ved å leggje til rette for:
- Universell utforming
- Tilgang til friluftsområde med gode tilkomstvegar, og at grøntareal blir sikra i plan på tenleg måte, som t.d. grønstruktur, friluftsområde sjø/land, LNF
- Formelle og uformelle sosiale møteplassar
- Trygge omgjevnader gjennom gode ROS-analysar, tilrettelegging for funksjonsblanding og trafikksikring
- Meir bruk av gang- og sykkelvegar, kollektivtransport og betre luftkvalitet gjennom samordna areal og transportplanlegging
- Sikring av gode grøntområde for barn og unge
- Desse omsyna kan både sikrast i føresegner og ved prioritering mellom arealføremål. God medverknad frå ulike grupper i samfunnet er òg viktig.