Barn og unge

Planlegging skal ta omsyn til barn og unge sine interesser og sikre gode  og trygge oppvekstmiljø.

 Å ta vare på barn og unges interesser er eit tverrsektorielt ansvar, og heng i hop med fleire andre plantema som friluftsliv, folke­helse, landskap, arkitektur og estetikk, by- og tettstadutforming og universell utforming.  

Sikring av tilgang til grøntareal, friluftsområde og grønstruktur i byar og tettstader må bli vektlagt i planlegginga. Statlege planretningsliner set krav til planprosessen og til den fysiske utforminga av areal for barn og unge. Rundskriv T 1513 Om barn og planlegging gir utfyllande rettleiing.  

Barnetråkk er ein metode for å kartlegge barns bruk av areal. Norsk Form har laga ein rettleiar i barnetråkkregistreringar.  

Andre relevante tema: friluftsliv, folkehelse, landskap, arkitektur og estetikk, senter- og tettstadutforming, universell utforming.