Arkitektur og estetikk

Menneske søker til stader med god arkitektur fordi dei gir trivsel og livskvalitet som igjen gir grunnlag for verdiskaping.

God arkitektur er inkluderande og tenleg for alle grupper og gir rammer der ein kan kjenne seg trygg. Godt samspel mellom ny og gamal arkitektur gir oppleving av felles kultur og identitet.

For å sikra heilskap og samanhang i våre fysiske omgjevnader må arkitektur ha ein framtredande plass i arealplanlegging. Både bygningar, anlegg, uterom og landskap må bli sett i ein arkitektonisk og estetisk samanheng.

Føresegner

I kommuneplan kan ein gjennom godt formulerte føresegner, val av rett arealformål og grad av utnytting, leggje grunnlag for kvalitet i reguleringsplanar og byggjesaker. Tema som legg viktige premiss for utforming  i føresegnene er: gesimshøgde, byggjehøgde, takform, kvalitet i materialar og terrengtilpassing. I plankartet gir arealdisponering viktige premiss for rom mellom husa og nær- og fjernverknad av bygningane.

Andre relevante tema: Landskap, Kulturminne og kulturmiljø, Universell utforming, senter og tettstadutvikling, Folkehelse