Rådgjeving by- og stadutvikling

På staden sine premissar. Landskap, kulturmiljø, minne, identitet, klima, natur og kultur. Dette er element som kan ha ulik tyding og vege ulikt i ein stadutviklingsprosess.

Kunnskapsbasert og tverrfagleg plan- og utviklingsarbeid. Å kopla på fleire fagfelt til ordskifte knytt til utvikling av ein stad gjev stor verdi for å identifisere flest moglege utfordringar og styrker på eit tidleg stadium. Landskapsarkitektar, sosiologar, sosialantropologar, geologar, klimatologar og landskapsøkologar, arkitektar og samfunnsplanleggarar kan alle gje eit nytt blikk på stadleg særpreg, identitet og bidra i utviklinga. 

For å sikre aktiv medverknad, politisk forankring og at tiltak vert i verksatt og gjennomført, må kommunen sørge for at eit mangfald av aktørar får eigarskap med å delta i prosessen. Ulike former for samarbeid og partnarskap med næringsliv og lokalsamfunn er aktuelle, og fylkeskommunen kan støtte kommunen i utviklingsarbeidet og vere med å planlegge gode prosessar for medverknad. 

Fylkeskommunen kan legge til rette for nettverksbygging og kunnskapsoverføring, samt erfaringsutveksling gjennom fysiske møter, synfaringar, seminar, symposium og feltarbeid, digitale resursar (streaming/ nettsider/ skypemøter/ webinar/ video).