Seriøsitetskrav og etiske føresegner for leverandørar

Vi har strenge krav for leverandører som inngår kontrakt med Vestland fylkeskommune. Les dokumentet "Seriøsitetskrav og etiske føresegner for leverandørar til Vestland fylkeskommune" før du inngår ein avtale med oss.

Dokumentet "Seriøsitetskrav og etiske føresegner for leverandørar til Vestland fylkeskommune" (pdf) set frem strenge krav for leverandører som inngår kontrakt med Vestland fylkeskommune.

Dette dokumentet er eit viktig verktøy for Vestland fylkeskommune i arbeidet med å sikre ansvarlege og rettferdige arbeidsforhald i sine anskaffingar.

Mål med dokumentet

Dokumentet har som mål å fremje etisk handel, hindre arbeidslivskriminalitet og sosial dumping, og sikre rettferdige arbeidsforhald. Det dekker fleire område, inkludert sikkerheit, helse, arbeidsmiljø (SHA), internkontroll, krav til bruk av faglærte handverkarar og lærlingar, og bruk av fast tilsette. Det legges vekt på ansvarlige arbeidstidsordninger og betingelser for bruk av underleverandører og innleigd arbeidskraft.

Dokumentasjon

Nokre av innhaldet i dokumentet er at leverandørene må sikre at arbeidstakarane har gyldig HMS-kort, og at arbeids- og lønnsvilkår er i tråd med gjeldande lovgjeving og tariffavtaler.

Dokumentet krever også dokumentasjon av yrkesskadeforsikring og at leveradørar overheld plikar rundt skatt og avgifter. Vidare, må leverandørar oppfylle krav til etisk handel, inkludert menneskerettigheitar, forbod mot korrupsjon, og økonomisk misferd. Det kreves også effektive varslingsrutiner for potensielle brot på desse føresegnene.

Sanksjonar ved brot

Brot på disse krava kan medføre sanksjonar som prisavslag, dagbøtar, eller i alvorlege tilfelle, oppheving av kontrakt. Leverandøren er ansvarleg for at desse krava også overholdast av eventuelle underleverandørar.