Visjon og verdiar for Vestland fylkeskommune

Visjonen vår er nyskapande og berekraftig. Våre verdiar er kompetent, open og modig.

Illustrasjon over Vestland fylkeskommune sitt samfunnsoppdrag, visjon og verdier.

Visjon

Nyskapande og berekraftig

Verdiar

Kompetent – open – modig

Samfunnsoppdrag

Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Slik kom vi fram til samfunnsoppdrag, visjon og verdiar

Gjennom heile 2019 har vi førebudd oss og arbeidd med korleis skape ein sterk og god organisasjonskultur som fremjar det gode livet for innbyggarane. Vi spurde og involverte dei tilsette, innbyggjarar, fylkespolitikarar, kommunar, råd, organisasjonar og fagmiljø for å formulere samfunnsoppdrag, visjon og verdiar for organisasjonen: Kva skal vere vår visjon? Kva for verdiar skal prege oss i arbeidet? Vi fekk mange og gode svar – som vart grunnlag for den visjon og dei verdiar vi har valt.  

Gjennom verdiane kompetent, open og modig skal vi arbeide for visjonen om eit nyskapande og berekraftig Vestland.

Slik vil vi oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.