Skyss

Vestland fylkeskommune har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Skyss skal sikre at vedtekne strategiar og tiltak blir sette i verk for å nå dei politiske måla.

Mobilitetseininga har ansvar for buss, bybane, båt og ferje i heile Vestland fylke. Fylkestinget har seinare vedtatt at eininga skal heite Skyss. Oppgåva vår er å sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenestar. I Hordaland har vi hatt ein eigen kollektivstrategi, der det er definert at vi skal forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet gjennom å tilby:

  • betre tilbod der flest reiser
  • enkle reiser
  • effektive reiser
  • miljøvenleg drift

På sikt skal vi også tilby tenester for kombinert mobilitet, slik at ein kan reise meir eller mindre saumlaust med ulike transportmiddel for å kome seg fra A til B utan å nytte eigen bil.

I Sogn og Fjordane er det Regional transportplan som har lagt føringar for arbeidet, og her er det sett som mål at kollektivtilbodet skal nå flest mogleg.

I tida som kjem vil vi arbeide med å få klar ein felles mobilitetsstrategi for heile Vestland.

Til dagleg jobbar vi med å:

  • planlegge linjenett og rutetilbod
  • planlegge skoleruter og koordinere skoleskyss
  • informere om og marknadsføre tilbod og kundeløysingar
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, båt og ferjer gjennom anbodskonkurransar
  • gi kundeservice og ruteopplysning
  • vere eit samla kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikken i fylket
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester

Samordning

Dei to tidlegare fylka har hatt mange ulike system for administreringa av kollektivtrafikken, som det er eit omfattande arbeid å samordne. Arbeidet med dette vil halde fram utover i 2021. Ein del av kundeløysingane og systema våre er difor enn så lenge litt ulike i dei to områda.

Målet er at vi skal få felles løysingar for kundane i heile Vestland. Til dømes jobbar vi med å lage ei felles nettside og med å samordne reiseplanleggaren og systema for billettkjøp og billettprisar.