Næring, plan og innovasjon

Organisasjonskart over avdelinga næring, plan og innovasjon.


Avdelinga skal bidra til:

  • berekraftig omstilling i næringslivet – sikre grøn vekst gjennom det grøne skiftet
  • produksjon av fornybar energi, god infrastruktur og energiomstilling frå fossil energi til fornybar energi
  • nye arbeidsplassar og sysselsetting i heile Vestland fylke
  • nyskaping og nytt næringsliv som bygger på eksisterande industri og næringar som i dag har fortrinn på Vestlandet
  • verdiskaping i byar og regionar og fremje berekraftig forvaltning av naturressursane våre, både i havet og på land
  • synleggjering av fiskeriressursar, landbruk og reiseliv som drivarar i utvikling av sterke distrikt
  • innovasjon i næringslivet og offentleg sektor, ut frå kompetanse og forsking
  • strategisk arbeid saman med kommunar, næringsaktørar og regionar til beste for befolkning, sysselsetting, infrastruktur, næringsareal og økonomisk utvikling i dei viktigaste bransjane
  • nærings- og lokalsamfunnsutvikling, som også femnar om breiband og teknologiske løysingar

Avdelinga er leia av direktør Bård Sandal. 

Oversikt og kontaktinfo til dei tilsette i avdelinga.


Avdelinga har fire seksjonar:

Leiar: Endre Høgalmen

Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv skal utvikle lokalsamfunna, samtidig som vi sikrar ei balansert og god utnytting av naturressursane våre.

Seksjonen skal arbeide med å utvikle landbruk og skogbruk som næring. i tett samarbeid med andre organisasjonar og næringene. Vi skal arbeide for å styrke verdiskapinga i reiselivet, samstundes som vi bidreg med å legge til rette for at samfunna våre og naturen skal kunne ta i mot nye besøkande på ein god og klimavenleg måte.

Seksjonen skal legge til rette for auka verdiskaping innan fiskeri og havbruk, og ei god forvaltning av marine ressursar, vatnressursar, vilt og mineralar.

Seksjonen skal legge til rette for næringsverksemd i bygder og distrikt. I dette ligg også arbeid med lokalsamfunnsutvikling og omstillingsarbeid i kommunar med særskilde utfordringar.

Leiar: Kathrin Jakobsen

Seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering skal arbeide med kunnskap og kompetanse knytt til omstilling, innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke.

Seksjonen skal mobilisere til forskingsbasert innovasjon gjennom auka bruk av nasjonale og regionale finansieringsordningar både i privat og offentleg sektor og tettare samarbeid om forskingsaktivitetar. 

Seksjonen skal koordinere arbeidet med å kartlegge næringslivet sitt behov for arbeidskraft i framtida og sikre at utdanningstilbodet på alle nivå treff i forhold til dette.

Gjennom høg kompetanse på EU sin politikk og verkemidlar skal seksjonen mobilisere kommunar, næringsliv og frivillig sektor til deltaking i EU-programma.

Fungerande seksjonsleiar: Liz Eva Tøllefsen, tlf. 41 52 87 57. 

Seksjonen plan, klima og folkehelse skal bidra i arbeidet med å styrke rolla fylkeskommunen har som samfunnsutviklar, og samordne aktiviteten fylkeskommunen har overfor kommunar og eksterne aktørar.

Seksjonen bidreg sterkt i arbeidet med regional planstrategi og etablering av sentrale samarbeidsarenaer, og samordne den interne aktiviteten fylkeskommunen har gjennom sektor-overgripande prosessar.

Stabsseksjonen skal leggje til rette for at dei øvrige seksjonane i avdelinga løyser oppgåvene sine best mogleg fagleg. Hovudoppgåvene er knytt til funksjonar innan økonomi og innkjøp, HR, kommunikasjon og arkiv.

Stabsleiar: Kine Renbjør

Fagdirektør ekstern strategisk kontakt: Mette Nora Sætre

Grøn næringsinfrastruktur arbeidar med både fysisk infrastruktur som

  • energi
  • kraftnett
  • breiband
  • ladeinfrastruktur
  • næringsareal og innovasjonsinfrastruktur som Siva-programma klyngesamarbeid
  • Etablerersenteret og resten av næringsvirkemiddelapparatet

Seksjonen har hovudansvar for Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling, og verktøykassa som høyrer til planen inkludert tilskot til næringsutvikling og samarbeidsavtalane.

Hovudansvar for Regional plan for fornybar energi, energikonsesjonar, hydrogen, biogass og havvind ligg også til seksjonen.

Seksjonen bidreg til berekraftig verdiskaping og grøn omstilling i næringslivet til dømes med Klimapartnere Vestland, Invest in Bergen, nullutslepptransport i næringslivet og sirkulærøkonomi.

Seksjonssjef: Sølve Dag Sondbø