Eigedom og utbygging
Avdelinga eigedom og utbygging består av eigedomsavdelinga og Bybanen utbygging som to sjølvstendige einingar under avdelingsdirektør Jostein Fjærestad.
Avdelinga består av:
Eigedom
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga utøver fylkeskommunen si eigarrolle og tek vare på byggherrefunksjon og prosjektleiing i byggesaker.
Avdelinga er og ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar og eigedomstenester.
Bygningsmassen omfattar mellom anna
- vidaregåande skular
- tannklinikkar kollektivanlegg
- kultur- og administrasjonsbygg
Bybanen utbygging
Bybanen utbygging er ein prosjektorganisasjon i Vestland fylkeskommune.
Dei er er ansvarleg for grunnerverv, anskaffingar, prosjektering og utbygging av infrastrukturen til Bybanen i Bergen fram til og med godkjenning av ferdig anlegg.
Utbygging av Bybanen i Bergen blir finansiert som ein del av byvekstavtalen Miljøløftet. Bybanen utbygging planlegg og bygger som ein del av bybaneprosjektet også gong- og sykkelvegar, parkar og byrom med tilhøyrande infrastruktur over og under bakken.
Prosjektdirektør i Bybanen utbygging rapporterer direkte til avdelingsdirektør for eigedom og utbygging.