Vestland trappar opp kampen mot dødsulukker
I eit initiativ for tryggare vegar vil fylkestinget auke bruken av automatisk trafikkontroll. Den negative utviklinga i talet alvorlege trafikkulukker må snuast, og fylkeskommunen vil ha staten sterkare med på laget.

Automatiske trafikkontrollar, ofte omtalt som fotoboksar, har dokumentert effekt for å redusere fart og ulukker.
Viktig grep for å nå nullvisjonen
Vestland fylkeskommune vil auke bruken av slike kontrollar som eit viktig tiltak for å nå nullvisjonen: målet om null drepne og hardt skadde i trafikken. Bakgrunnen er ei uroande utvikling i talet på ulukkesofre i trafikken der fart spelar ei sentral rolle, ikkje berre i Vestland men i heile landet. Saka vart handsama i møte i fylkestinget 17. juni.
– Vi har ikkje råd til å vente når liv står på spel, vi har eit samfunnsansvar. Vi veit at automatisk fartskontroll er effektivt, og må nytte moglegheiten til å jobbe førebyggande i regionen vår, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Nye kontrollpunkt allereie peikt ut
Fylkeskommunen går no i dialog med Statens vegvesen og Utrykningspolitiet for å få på plass fleire anlegg for automatiske trafikkontrollar og ei samla satsing på trafikksikringstiltaket. Ei kartlegging av aktuelle stader for nye anlegg i Vestland er allereie klar, gjennomført som eit samarbeid mellom dei tre aktørane. Blant dei aktuelle vegane finn vi Lindåsvegen i Alver, Åsebøvegen på Askøy og Folgefonntunnelen i Kvinnherad.
I dag finst det 62 automatiske punktkontrollar og 4 strekningsmålingar på riks- og fylkesvegar i Vestland. No ynskjer fylkestinget fleire, særleg i tunnelar og på risikostrekningar der fart ofte er eit problem. Bruken av automatiske kontrollar vil også spele ei nøkkelrolle i Vestland sin handlingsplan for trafikksikring fram mot 2028.
Ber staten ta større ansvar
Automatiske trafikkontrollar er løfta fram som eit satsingsområde i Nasjonal transportplan 2025–2036 då ny forsking viser at det er eit effektivt og samfunnsøkonomisk lønsamt sikringstiltak, men store delar av kostnadane ligg i dag på fylka. Eit anlegg kan koste opp mot seks millionar kroner. Fylkestinget ber no staten følge opp sin eigen transportplan og ta ei større rolle i finansieringa av slike kontrollar, for å få til ei effektiv og samla bruk av verktøyet.
– Tryggleik i trafikken er viktig for folket der dei bur. Vi ber staten gi det naudsynte økonomiske løftet som skal til for å få realisert ei brei og samordna satsing på trafikktryggleik, også på fylkesveg, seier Askeland.