Uvêret får konsekvensar for fylkesvegar og vidaregåande skular
Alle som skal ut i trafikken når uvêret treff fylket, må følgje med på lokale vegmeldingar og trafikkmeldingar på 175.no. Nokre vidaregåande skular har heime- eller hybridskule onsdag 5. mars.

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om svært mykje regn i midtre og indre delar av Vestland frå tysdag kveld til onsdag kveld. I tillegg melder NVE raudt farevarsel for flaum i delar av fylket onsdag og torsdag.
Heimeskule og hybridskule
Rektorane på dei vidaregåande skulane i dei aktuelle områda følger med på det som skjer av tiltak på veg og kollektiv. Skulane held seg til retningslinjer i dei enkelte kommunane som kan bli råka av uvêret.
Tysdag ettermiddag er det klart at Sogndal vgs. og Årdal vgs. har heimeskule onsdag 5. mars. Årdal hadde heimeskule også tysdag 4. mars. Det blir hybridskule, altså heimeskule for dei elevane som bur i rasutsette område, som går på Odda vgs., Voss vgs. og Voss gymnas onsdag 5. mars.
Fylkesmeisterskapen i yrkesfag (elektrikarfaget) som skulle ha vore i Høyanger 5. mars, er utsett. Det er også ei samling for realkompetansevurdering, som skulle ha vore i Førde.
Elevar og føresette får informasjon direkte frå skulen dersom det blir heimeskule for fleire av skulane. Dei kan også halda seg oppdaterte på nettsidene og i dei sosiale medium-kanalane til skulane.
Stengjer vegar preventivt
Vestland fylkeskommune førebur tiltak på fylkesvegane. Fleire fylkesvegar blir stengde preventivt tysdag kl. 18. Det gjeld først og fremst vegar i midtre og indre Sogn og Fjordane. Fleire kan bli stengde på kort varsel. Det er såleis svært viktig at alle som skal ut og køyre, sjekkar 175.no eller appen til Statens vegvesen før dei set seg i bilen.
Her finn du oversikt over alle vegmeldingar for Vestland fylke.
På 175.no og i appen Vegvesen trafikk kan du orientere deg i kart og sjekke dei strekningane som er aktuelle for deg.
– Det viktigaste no er at alle følgjer med på lokale forhold på vegane der dei er, både skuleelevar, pasientar i tannhelsetenesta og alle andre reisande. Når uvêret slår til, kan ting endre seg raskt. Vi rår alle til å halde seg oppdaterte via 175.no, både på nettsida og i appen, seier Eivind Yttri, avdelingsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.
Han åtvarar også dei som skal ut på vegane om at det kan bli vanskelege køyreforhold på grunn av overflatevatn i vegbana.
Skyss følgjer situasjonen
Kollektivtrafikk og skuleskyss går som normalt, med mindre lokale forhold fører til stengde vegar. Skyss følger situasjonen tett, og ber dei reisande følgje med på skyss.no eller i Skyss-appen, i tillegg til 175.no for veginformasjon.
Må du avbestille time hjå tannhelsetenesta?
Dersom du ikkje kjem deg til tannklinikken på grunn av stengd veg, eller at det ikkje er tilrådd å køyre, må du ta kontakt med den aktuelle tannklinikken og avbestille timen. Dersom tannklinikken er stengt, får du direkte beskjed frå tannklinikken om det.
Hald deg oppdatert i desse kanalane
- 175.no, vegtrafikksentralen: Her får du informasjon om det som skjer i trafikken og hjelp til å finne omkøyringsvegar. Dette er lik informasjon som du finn i appen. https://www.vegvesen.no/trafikk
- Appen Vegvesen trafikk: App frå Statens vegvesen, som gir enkelt tilgang til informasjon på vegane i heile landet. Her kan du sjekke status på strekningar du skal køyre. Du kan også få varsel om område og ruter, som du har lagra i favorittane dine.
- yr.no: Sjekk vêret på yr.no før du køyrer. Der finn du også informasjon om det er sendt ut farevarsel.
Saka er publisert tysdag 4. mars kl. 17.20.