Styrker ferjetilbodet mellom Krokeide og Hufthamar

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har vedtatt å styrke rutetilbodet mellom Austevoll og Bergen, delvis finansiert med brukarbetaling.

Bilferge med bilar sett ovanfrå.
AUKA TRAFIKK: Trafikken på sambandet Krokeide–Hufthamar har auka dei siste åra. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Dei seinare åra har trafikkveksten auka på sambandet Krokeide–Hufthamar, slik at tilbodet ikkje held tritt med etterspurnaden.

– For å møte den auka trafikken på sambandet, og lokale behov knytt til samfunnsutvikling og næringsliv, skal det innførast ein ekstra nattavgang på kvardagar og tilbod med to ferjer laurdag og søndag heile året, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Vil klargjere rammene med staten

Fylkesutvalet syner i vedtaket til at staten si innføring av gratisferjer har medført auka mobilitet og bruk av ferjesambandet.

– Det er rom i gratisferjeordninga for å innføre brukarbetaling dersom auken direkte heng saman med kapasitetsauke på det aktuelle sambandet. Fylkesutvalet vedtok i dag å ta eit initiativ for å klargjere rammene for gratisferjeordninga saman med staten, seier Askeland.

Betalar for utvida tilbod

Det utvida rutetilbodet skal i tillegg til delvis brukarbetaling dekkast gjennom omdisponeringar og som del av fylkesbudsjettet for 2026. Tiltaket er estimert til å koste 26 millionar kroner i året. Det blir lagt til grunn brukarbetaling der sambandet blir plassert i autopass sone 11 (kr 38,- per reise for nullutsleppskøyretøy), noko som gir ei estimert inntekt på 21 millionar kroner.

Iverksetting av tiltaket vil skje frå november 2025, eller så snart som praktisk mogleg etter at dei noverande sommarrutene (april-oktober) blir avslutta. Det nye ferjetilbodet skal har varigheit ut kontraktsperioden som gjeld for sambandet.