Søk om å bli årets idrettslag
Vestland fylkeskommune søkjer kandidatar til to prisar: Årets idrettslag – topp og Årets idrettslag – breidde. Søknadsfristen er 15. september.

Prisvinnarane får 50 000 kr kvar, og det same idrettslaget kan søkje på begge prisane, dersom dei kvalifiserer i begge kategoriane. Prisane vart delte ut for første gong i fjor. Då vart Markane IL i Stryn Årets idrettslag – topp, medan Nore Neset IL i Bjørnafjorden vart Årets idrettslag – breidde.
Samarbeider om utveljing
Prisen årets idrettslag – topp skal gå til eit idrettslag som kan vise til god prestasjonskultur, og som har utøvarar på høgt internasjonalt nivå. Vestland fylkeskommune samarbeider med Olympiatoppen Vest for å velje ut årets idrettslag – topp.
Prisen årets idrettslag – breidde skal gå til eit idrettslag som kan vise til stor breidde i tilbodet, i tillegg til ekstraordinært arbeid innan folkehelse og inkludering. Vestland fylkeskommune samarbeider med Vestland idrettskrets for å velje ut årets idrettslag – breidde.
Prisutdeling i desember
Prisane blir delte ut på den årlege markeringa av idretten i Vestland, som fylkeskommunen har saman med Vestland idrettskrets og Olympiatoppen vest. Arrangementet er planlagt på i Vestlandshuset i desember.
Her blir det også utdeling av prisen Årets eldsjel og utviklingsstipend til unge, lovande utøvarar. I tillegg blir det tildeling av kunstverk til idrettsutøvarar frå fylket som har teke OL- eller VM-medalje på seniornivå.