Skred og is truar fylkesvegen – no startar sikringsarbeidet
Jordskred, steinsprang og is skal no hindrast i å nå fylkesvegen i Luster kommune. Arbeidet er eit av seks slike skredsikringsprosjekt i fylket i 2025.

Omfattande arbeid
Omlag 500 meter med kombinert steinsprang- og jordskredgjerde, 80 meter reint jordskredgjerde og rundt 3000 kvadratmeter issikringsnett skal på plass på fv. 55 i Luster kommune. Under Røneidsberget er målet å verne vegen og trafikantane mot skred ved å montere steinsprang- og jordskredgjerde. Frå sørsida av Røneidstunnelen og langs heile Marheimsgjelet skal det monterast om lag 3000 kvadratmeter issikringsnett, for å hindre isnedfall på veg og trafikantar. Arbeidet starta i veke 26.
– Vi har jobba grundig med å planlegge sikringstiltaka, også med tanke på så lite stengingar som mogleg for trafikantane, no er vi glade for å vere i gang, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Arbeidspause i vinter
Bakgrunnen for prosjektet er fleire hendingar med snø- og jordmassar som har kome ut i vegbana, samt gjentekne tilfelle av is som fell frå fjellsidene og tunnelområdet. I veke 26 hadde fylkeskommunen felles synfaring og helikopterinspeksjon av området med entreprenør Mesta, og risikovurdering for arbeidet.
Sikringsarbeidet i Luster er planlagt å vare litt over eitt år, med pause i vintermånadane når tilhøva gjer arbeidet vanskeleg. Trafikken vil i størst mogleg grad bli regulert med trafikklys, men enkelte periodar vil krevje lengre stengingar. Desse vil bli tilpassa bussruter.
Vestland fylkeskommune har seks slike skredsikringstiltak i gang i 2025, sjå vegtrafikksentralen/175 for vegmeldingar.
Mindre skredsikringstiltak, fylkesveg 2025
- Fv. 55 Røneidsberget og Marheimsgjelet
- Fv. 614 Magnhildskaret – snøsamleskjermar
- Fv. 53 Skredsikring Årdal (avsluttast juli)
- Fv. 5602 Vidhammarbukti (avsluttet juni)
- Fv. 60 Tyvaneset-Lovik
- Fv. 5724 Olden-Briksdalen