Sjå opp for denne rosa bubilen i Vestland neste veke!

Frå 6. til 14. september er det friluftslivet veke. For Vestland betyr det arrangement over heile fylket og ikkje minst besøk av den rosa bubilen til Friluftslivets år.

Rosa bubil med profilering for friluftslivets år 2025 og to menneske og fleire bannerflagg utanfor.
FRILUFTSLIV: Denne rosa bubilen skal innom 15 fylke i løpet av friluftslivets år, og Vestland får bilen på besøk i friluftslivets veke 6.–14. september. (Foto: Linda Øverli Nilsen)

Første stopp for den rosa bubilen i Vestland på Stord søndag 7. september, i samband med Kom deg ut-dagen. På føremiddagen måndag 8. september er bilen på plass på Øvre Vågsallmenningen i Bergen.

Der er både Vestland fylkeskommune og ei rekke friluftsorganisasjonar på plass. Det blir høve til å sikre seg ei dagsturhyttebok, få svar på spørsmål om ro- og padleruter, delta i friluftslivsquiz og mykje anna. Kanskje blir det også bålkaffi frå bålpanne.

Køyrer gjennom fylket

Frå Bergen reiser bilen vidare til Knarvik måndag ettermiddag, før han utover veka skal innom blant anna Voss, Vik og Sogndal.

Den fargerike bubilen er eit tiltak i regi av det nasjonale markeringa Friluftslivets år. Noregs-turneen har som mål å løfte fram det viktige arbeidet til lokale friluftslivsorganisasjonar, skape møteplassar og styrke fellesskap, frivilligheit og lokal innsats.

Les meir om Noregs-turneen til Friluftslivets år her.

124 arrangement rundt i fylket

Men friluftslivets veke er veldig mykje meir enn ein rosa bubil på tur gjennom fylket. Aktivitetskalenderen for Vestland frå 6. til 14. september syner heile 124 ulike arrangement. Det er fjellturar, grottetur, overnattingskurs, elvefestival, føredrag, sykkeltur, soppkurs og veldig mykje anna.

Du finn oversikt over alle arrangementa i aktivitetskalenderen. Det er også mogleg å filtrere på kommune for å snevre inn søket.

Turmat frå heile verda-dagen

Vestland fylkeskommune er med og arrangerer Turmat frå heile verda-dagen saman med Bergen kommune, Regionalt pilegrimssenter Bergen og Vestland innvandrarråd. Denne blir markert i Bergen onsdag 10. september kl. 11.30–18.00.

Dagen startar med historisk vandring langs den trondhjemske postvegen. Den første delen av vandringa startar ved Mariakirken og endar på Fiskerimuseet, der det blir matservering og båtaktivitetar. Etter opplegget på Fiskerimuseet blir det tur frå museet og vidare opp byfjellet langs andre delar av den trondhjemske postvegen.

Du finn program for heile dagen her.