Over 6,7 millionar til kunst, kultur og bibliotek

Hovudutvalet har fordelt tilskot til prosjekt og tiltak innan både profesjonelt og frivillig kulturliv, til regional bransjeutvikling for kulturelle og kreative næringar og til folkebiblioteka.

mykje folk samla på utandørskonsert ved småbåthamn
TILSKOT: Mange store og små aktørar i kunst- og kulturlivet fekk tilskot frå hovudutval for kultur, idrett og inkludering denne veka. Hovudutvalet fordelte blant anna tilskot til prosjekt og tiltak i både det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Vestland skal vere eit leiande kulturfylke, og det er heilt essensielt at fylkeskommunen spelar på lag med både kommunane og heile breidda i kunst- og kulturlivet. Vi har mange og gode aktørar som jobbar for kulturen i fylket, på lokalt, regionalt, nasjonalt og til og med internasjonalt nivå. Det er alltid gledeleg å støtte alle desse flinke, som sørgjer for at kultur byggjer samfunn, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Hovudutvalet hadde digitalt møte 19. juni og fordelte då til saman over 6,7 millionar på 5 ulike tilskotsordningar.

Tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur

I overkant av 1,8 millionar av tilskotspengane går til profesjonelle kunst- og kulturaktørar, som får støtte til prosjekt og tiltak. Tildelingane varierer frå 10 000 kr til 100 000 kr, og den største tildelinga går til prosjektet Frigjøringskonvoien. Dette er eit prosjekt som skal føregå fleire stadar i landet, men tilskotet frå Vestland fylkeskommune er øyremerka det som skal skje i Bergen. Til saman 50 aktørar får tilskot.

Sjå oversikt over alle som får tilskot i saksframlegget. Hovudutvalet vedtok tilrådinga slik ho står i dokumentet.

Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

Det frivillige kulturlivet fekk også tilskot frå hovudutvalet i det same møtet. Her vart over 1,1 millionar fordelt på til saman 29 prosjekt og tiltak. Mottakarane varierer frå Autismeforeningen i Norge, Hordaland og Etiopisk forening på Stord og omegn til Bergen stupeklubb og Åfjorddalen Ungdomslag.

Sjå oversikt over alle som får tilskot i saksframlegget. Hovudutvalet vedtok tilrådinga slik ho står i dokumentet.

Tilskot til arenautvikling folkebibliotek

Åtte folkebibliotek i fylket får til saman i overkant av 1,6 millionar kroner til arenautvikling. Tilskotsordninga skal leggje til rette for at biblioteka gjennom å vere møtestadar og debattarenaer, skal bidra til gode og berekraftige lokalsamfunn og fremje danning, god helse og livskvalitet.

Desse biblioteka får så mykje i støtte:

  • Lærdal folkebibliotek: 100 000 kr
  • Austevoll folkebibliotek: 600 000 kr
  • Sunnfjord folkebibliotek: 19 000 kr
  • Hyllestad folkebibliotek: 311 000 kr
  • Vaksdal folkebibliotek: 47 500 kr
  • Øygarden folkebibliotek: 215 000 kr
  • Tysnes folkebibliotek: 138 805 kr
  • Askvoll folkebibliotek: 216 000 kr

Les meir om tilskotsordninga og kva biblioteka får støtte til i saksframlegget. Hovudutvalet vedtok tilrådinga slik ho står i dokumentet.

Tilskot til prosjekt og kompetanseutvikling i folkebiblioteka

Hovudutvalet fordelte også eit anna tilskot til folkebiblioteka i fylket, med kompetanseheving som føremål. Her får desse biblioteka støtte:

  • Stord folkebibliotek: 50 000 kr
  • Voss folkebibliotek: 50 000 kr
  • Bømlo folkebibliotek: 50 000 kr
  • Modalen folkebibliotek: 40 000 kr
  • Bjørnafjorden folkebibliotek: 35 000 kr
  • Austevoll, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes folkebibliotek: 100 000 kr
  • Askvoll folkebibliotek: 45 000 kr
  • Årdal, Lærdal, Luster, Vik, Aurland og Sogndal folkebibliotek: 100 000 kr
  • Kvinnherad folkebibliotek: 50 000 kr
  • Etne folkebibliotek: 50 000 kr
  • Alver folkebibliotek: 30 000 kr
  • Samnanger folkebibliotek: 29 700 kr

Les meir om tilskotsordninga og kva biblioteka får støtte til i saksframlegget. Hovudutvalet vedtok tilrådinga slik ho står i dokumentet.

Tilskot til regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar

Det siste tilskotet hovudutvalet fordelte i møtet 19. juni var tilskot til regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar. Her får elleve aktørar til saman 1,5 millionar kroner:

  • Bergen internasjonale filmfestival AS: 150 000 kr
  • Farfars AS: 200 000 kr
  • Kioskenstudio: 220 000 kr
  • Knus AS: 50 000 kr
  • Kultur Vest AS: 100 000 kr
  • Norsk nettverk for dataspillbedrifter – Noneda: 150 000 kr
  • Norske kunsthåndverkere Vest-Norge: 70 000 kr
  • Stiftelsen Bergen dansesenter: 150 000 kr
  • Stiftelsen Bergen internasjonale teater: 60 000 kr
  • Tekstallmenningen AS: 150 000 kr
  • Vill vill vest: 200 000 kr

Les meir om tilskotsordninga og kva dei ulike får tilskot til. Hovudutvalet vedtok tilrådinga slik ho står i dokumentet.