Over 30 millionar kroner til kultur, idrett og inkludering

Kulturarenaer fekk største del av potten, men også større idrettsarrangement, tiltak for fysisk aktivitet, og inkluderings- og integreringsfremjande tiltak er noko av det som har fått tilskot frå hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Dronebilde av Urnes stavkyrkje, med utsikt mot Lustrafjorden og Solvorn.
VERDSARV: Urnes verdsarvsenter i Luster kommune er blant kulturarenaene hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyvde tilskot til i møtet 23. april. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Den største tildelinga i møtet 23. april gjekk til kulturarenaer med regionale funksjonar. Her fordelte hovudutvalet til saman 20 millionar kroner slik:

  • Gamlekinoen på Voss får 6 millionar.
  • Kulturlåven på Svanøy i Kinn får 5,5 millionar.
  • Urnes verdsarvsenter i Luster får 4 millionar.
  • Naturrom Lygra i Lyngheisenteret i Alver får 3 millionar.
  • Tinghuset – fellesmagasin for Musea i Sogn og Fjordane får 1,5 millionar.

Gledeleg med meir midlar til kulturarenaer

I tillegg får Grieghallen Utbygging 1,25 millionar til prosjektutvikling, men dette vart tildelt gjennom budsjettvedtaket i fylkestinget i desember i fjor.

– Det er svært gledeleg at ordninga med tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar har gått frå å vere ei prioriteringsordning utan midlar, til ei ordning der vi i år fordeler 20 millionar kroner til viktige regionale kulturarenaer i Vestland. Det gler meg at vi endeleg til dømes fullt ut kan innfri søknaden til Naturrom Lygra i Lyngheisenteret i Alver, seier hovudutvalsleiar Jacob Nødseth.

Ønskjer større rolle for fylkeskommunen

Hovudutvalet ønsker også at Vestland fylkeskommune skal ha meir å seie når staten gir pengar til nasjonale kulturbygg i Vestland. Bestillinga frå utvalet går ut på at fylkeskommunen bør ha handsama og prioritert rekkefølga for prosjekt i Vestland, før departementet fordeler tilskota.

– Sjølvsagt må det regionale leddet involverast tettare i dette. Slik kan vi få ein mest mogleg koordinert og kraftfull innsats i dei kulturpolitiske satsingane, seier Nødseth.

Rosar eldsjeler og heiagjengane deira

Han understrekar vidare at både staten, fylkeskommunane og kommunane har altfor lite pengar til kulturbygg, samanlikna med det faktisk behovet.

– Det er difor viktig å merke seg at ikkje berre det offentlege, men òg private aktørar, stiftingar og frivillige bidreg til å realisere fleire av arenaene som søkjer om tilskot. Det hadde ikkje blitt mange kulturarenaer utan slike bidrag frå eldsjeler og heiagjengane deira rundt om i lokalsamfunna, seier Nødseth.

Ønskjer meir langsiktigheit

Slik ordninga fungerer i dag, blir det fylkeskommunale tilskotet til regionale kulturbygg fordelt årleg. No ønskjer hovudutvalet i større grad å sjå ordninga i samanheng gjennom heile økonomiplanperioden til fylkeskommunen, som går over fire år.

– Får vi det til, så kan vi realisere fleire viktige regionale kulturbygg i fylket, og slik materialisere målsetninga i regional plan for kultur, nemleg at kultur bygger samfunn, slår Nødseth fast.

Les heile vedtaket i sak 48/2025 Kulturarenaer med regionale funksjonar 2024 – tildeling.

Ein million til ro- og padleruter

Prosjektet Ro- og padleruter Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, friluftsråd, kommunane, Noregs padleforbund og lokale padleklubbar. Målet er å kartlegge ro- og padleruter og leggje til rette for padling og roing med fysisk tiltak. Fylkeskommunen lyser årleg ut tilskot til kartlegging og tilrettelegging, og hovudutvalet har no fordelt til saman ein million kroner slik:

  • Sogn Friluftsråd får 500 000 kr til padleanlegg i Eidet i Sogndal.
  • Bergen og Omland Friluftsråd får 500 000 kr til oppføring av tre nye padlehukar. Desse skal kome på Bårdnesholmen i Alver, i Follavika i Vaksdal og på Marmorøyen i Bergen.

Meir informasjon i saksframlegget til sak 59/25 | Tildeling av tilskot til kartlegging og tilrettelegging av ro- og padleruter vår 2025.

1,9 millionar til inkludering og integrering

Målet med tilskota til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak er å stimulere til at flest mogleg deltek i samfunnet, og å byggje ned hinder som stengjer for dette. Ordninga skal også fremje kunnskap om og respekt for ulike kulturar, demokrati og menneskerettar, i tillegg til å motverke utanforskap.

Det kom inn 28 søknadar til ordninga i 2025, og hovudutvalet har no løyvd tilskot til 19 av desse. Tilskota varierer frå 33 000 til 214 000 kr.

Fullstendig oversikt over tildelte tilskot ligg i saksframlegget til sak 55/25 | Tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak 2025. Tilskota vart fordelte slik dei er føreslått i tabellen.

Etableraropplæring og traineeordningar

Hovudutvalet har også fordelt i overkant av ein million kroner til etableraropplæring og traineeordningar for innvandrarar. Målet er å styrke moglegheita for innvandrarar til å starte eigne verksemder, betre inkludering av fagutdanna og å få høgt kvalifiserte innvandrarar ut i arbeidslivet.

Det kom inn ni søknadar om tilskot, og alle ni får støtte:

  • Bergen Næringsråd får 156 000 kr til prosjektet Bergen Opportunity.
  • Kulturalle får 100 000 kr til prosjektet Bli-Digital.
  • Kinn utdannings- og ressurssenter får 100 000 kr til etablerarordning for innvandrarar, grunnreise frå idé til bedrift.
  • Sognerådet får 100 000 kr til prosjektet Sogn Opportunity.
  • Livet Vil Vinne får 100 000 kr til Vildedig hjelpesenter for Sunnfjord.
  • MIKS Ressurssenter for integrering og samhandling får 150 000 kr til KIME gründerprogram for flerkulturelle entreprenører.
  • Unity Spark får 100 000 kr til prosjektet Grunderdrømmen.
  • Beatus Cras får 100 000 kr til prosjektet Eget Firma – Nytt Start i Nytt Land,
  • Kvinnenettverket i Bergen får 100 000 kr til nettverket.

Meir informasjon i saksframlegget til sak 54/25 | Tilskot til etableraropplæring og traineeordningar for innvandrarar - 2025.

Støttar kommunale frisklivs-, lærings- og meisteringstilbod

Vestland fylkeskommune fordeler årleg til skot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod. Slik støttar vi arbeidet kommunale gjer med å fremje helse og livskvalitet, førebyggje sjukdom, tidleg intervensjon og å meistre livet med sjukdom.

Hovudutvalet løyvde til saman 2,3 millionar kroner til ni kommunar i møtet 23. og 24. april. Tilskota er fordelte slik:

  • Alver kommune får 300 000 kr.
  • Gloppen kommune får 200 000 kr.
  • Høyanger kommune får 300 000 kr.
  • Kinn kommune får 400 000 kr.
  • Stryn kommune får 200 000 kr.
  • Sunnfjord kommune får 150 000 kr.
  • Vaksdal kommune får 350 000 kr.
  • Voss herad får 350 000 kr.
  • Årdal kommune får 50 000 kr.

Meir informasjon, blant anna om prosjekta kommunane får støtte til, ligg i saksframlegget til sak 57/25 | Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod 2025.

1,2 million til større idrettsarrangement

Hovudutvalet fordelte også årets arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap. Elleve meisterskap, åtte nasjonale og tre internasjonale, får til saman 1,2 million kroner:

  • Framnes IL får 25 000 kr til NM i telemark 2025
  • Fana IL får 50 000 kr til NM i linedance
  • Bergen Klatreklubb får 50 000 kr til nordisk klatring/paraklatring
  • Ask friidrett får 100 000 kr til hoved-NM i friidrett 2025
  • IL Gneist får 60 000 kr til junior-NM i friidrett 2025
  • Norges idrettsforbund får 660 000 kr til U23 EM friidrett 2025
  • Fana IL får 25 000 kr til NM twirling event 2025
  • Askøy Seilforening får 80 000 kr til VM segling (yngling) 2025
  • Bergen Rideklubb får 60 000 kr til NM i sprangridning for klubblag 2025
  • Voss IL får 60 000 kr til NM i orientering 2025
  • Hardanger handbak klubb får 30 000 kr til NM i handbak

Meir informasjon i 56/25 | Arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap 2025.