Over 1,7 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonar i Vestland

Til saman 18 regionale barne- og ungdomsorganisasjonar får støtte til å leggje til rette for at barn og unge får delta og engasjere seg i organisasjons- og samfunnslivet.

Hendene til unge mennesker sett nedanfrå.
TILSKOT: 4H, Røde Kors og Natur og ungdom er blant aktørane som får støtte frå Vestland fylkeskommune. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Målet er å styrke demokratiskulering, organisasjonsopplæring og frivillig aktivitet på tvers av heile fylket.

– Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er viktige arenaer for fellesskap, deltaking og læring. Dei gir barn og unge høve til å utvikle seg, oppleve meistring og ta ansvar. Difor er det avgjerande at fylkeskommunen bidreg til å halde oppe dette mangfaldet av aktivitetar, seier, Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Hovudutvalet fordelte driftstilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar slik i møtet 28. august:

  • 4H Hordaland: 160 000 kr
  • 4H Sogn og Fjordane: 215 000 kr
  • Bjørgvin krets av Norges KFUK-KFUM-speidere: 105 000 kr
  • CISV Hordaland: 115 000 kr
  • Haugaland KFUK-KFUM-speidarar: 60 000 kr
  • Haugaland krets Norges KFUK KFUM: 50 000 kr
  • Hordaland barne & ungdom sjakk: 43 000 kr
  • Hordaland Røde Kors: 125 000 kr
  • KFUK-KFUM Bjørgvin: 207 000 kr
  • KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane: 115 000 kr
  • Miljøagentenes fylkeslag Vestland: 60 000 kr
  • Ryvarden krets av Norges speiderforbund: 50 000 kr
  • Sogn og Fjordane krets av Norges speiderforbund: 50 404 kr
  • Sogn og Fjordane krins av Norges KFUK-KFUM speidarar: 50 000 kr
  • Sogn og Fjordane Røde Kors: 115 000 kr
  • Ung i kor – Vest: 130 000 kr
  • UNOF Vestland: 75 000 kr
  • Vestland Natur og ungdom: 60 000 kr