Lyser ut 2,4 millionar i tilskot for betre psykisk helse

Kommunar og organisasjonar kan no søkje Vestland fylkeskommune om støtte til å kome i gang med ABC-modellen for god psykisk helse.

Ungdomar på trimapparat i skogen.
ABC: Omsett til norsk står ABC-modellen for god psykisk helse for aktivt, meiningsfylt og saman. Modellen legg vekt på kor viktig blant anna sosiale fellesskap er for den psykiske helsa. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

ABC for god psykisk helse (act, belong, commit) er eit kunnskapsbasert rammeverk. Det legg vekt på at det å vere aktiv, inngå i sosiale fellesskap, og gjere ting ein synest er meiningsfulle, styrkar livskvaliteten og den psykiske helsa. Omsett til norsk er ABC aktivt, meiningsfylt og saman.

Helsedirektoratet står bak den nasjonale ABC-kampanjen og har fordelt 20 millionar til 11 fylkeskommunar for å få kampanjen ut i heile landet.

Håpar på mange søknadar

Vestland fylkeskommune lyser no ut 2,4 millionar til kommunar og organisasjonar i fylket. Det avgjorde hovudutval for kultur, idrett og inkludering i møtet 19. juni.

– No håpar vi på mange søknadar frå heile fylket. God psykisk helse er noko av det viktigaste vi har, både som individ og som samfunn. Det er essensielt at vi har ei enkel forståing av korleis vi kan ta vare på ikkje berre vår eiga psykisk helse, men også kvarandre. Denne tilskotsordninga skal vere med og gjere ABC kjent i heile Vestland, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutvalet.

Tilskotet skal gå til å kome i gang med aktivitetar og prosjekt som brukar ABC-rammeverket.

Trøndelag har vore pilotfylke

ABC-modellen blei først utvikla og tatt i bruk i Australia, av Curtin University. Rammeverket blei også satt i verk i Danmark, før Trøndelag fylkeskommune tok i det i bruk som pilotfylke i 2019. Trøndelag har jobba med ABC for god psykisk helse sidan, og tar ei koordinerande rolle i eit nasjonalt ABC-nettverk, som også Vestland fylkeskommune deltek i.

Les meir om ABC i Vestland her.