Kjenner du nokon som fortener Frivilligprisen Vestland 2025?
Då må du nominere kandidaten din innan fristen 15. september.

– Utan frivilligheita stoppar Noreg. Vi har frivillige som tek vare på kulturarven vår, som arrangerer fotballcupar og musikkfestivalar, som dirigerer korps og som gjer uendeleg mykje anna. Denne prisen er eitt av fleire grep vi gjer for å motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i Vestland, seier Jacob Nødseth, som leiar hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.
Dette er fjerde året Vestland fylkeskommune deler ut frivilligprisen. Prisen har tidlegare gått til turboklubbane i Bergen og Hordaland turlag (2022), Thomas Frøyen, eldsjel og kulturell byggmeister i Solund (2023) og Ida Kristine Sekkingstad i ROS – rådgivning om spiseforstyrrelser (2024).
Får 50 000 kr til frivilligfeltet
Frivilligprisen kan gå til nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og samfunnet i Vestland. Prisen kan gå til ein person, ein organisasjon, ei gruppe eller ei foreining, og prispengane på 50 000 kr skal brukast innan frivilligfeltet.
Du kan nominere kandidatar til frivilligprisen her på nettsida til fylkeskommunen.
Fristen for å nominere kandidatar er 15. september.
Den/dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilete og til inspirasjon for andre. Prisen kan ikkje gjevast til ein offentleg aktør.
Søkjer også kandidatar til kulturpris
Fram til 15. september er det også høve til å nominere kandidatar til den første kulturprisen Vestland fylkeskommune skal dele ut. Denne er på 50 000 kr og kan gå til personar, lag og organisasjonar som
- har vore ein spydspiss i kunst- og kulturlivet i fylket, og bidrege til å syne fram Vestland som leiande kulturregion
- viser kulturinnsats utover det vanlege, og med tyding for heile eller ein større del av fylket
- viser kreativitet og evne til nyskaping og/eller har gjort ein særleg innsats i å ivareta og formidle kulturarven
Kulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.