Kan zombiar brukast til å undervise ungdom om etikk?
Ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen har lærarar sidan 2013 brukt dataspelet "The Walking Dead" i etikkundervisninga. No viser ei fersk doktoravhandling at dataspel kan gjere gjere fagstoff meir forståeleg for elevane.

Lektor Arne Tobias Staaby ved Nordahl Grieg vidaregåande skule (vgs) har gjennom fleire år undersøkt korleis spelet fungerer som pedagogisk verktøy i religionsfaget på skulen. Nyleg avla han ei doktoravhandling på Universitetet i Bergen på korleis spel kan legge til rette for meiningsfulle opplevingar som kan gjere fagomgrep enklare å hugse og forstå.
Digitale spel i undervisninga
Heilt sidan Nordal Grieg vidaregåande skule starta opp, har dei brukt digitale spel i den pedagogiske undervisninga.
— Alle lærarane på skulen har blitt oppfordra av leiinga til å utforske og dele gode døme på korleis spel kan fremme læring. Avhandlinga er eit direkte resultat av dette, seier Staaby. Han seier vidare at dataspel i undervisninga ikkje er nytt, og at det framleis er mykje vi ikkje veit når det gjeld korleis spel kan bidra til læring.
Forsking på lærarane
Tidlegare forsking på dette området har retta seg meir mot interaksjonen mellom spel og elev. Staaby har i si forsking meir undersøkt korleis lærarane brukar digitale spel for å gjere fagstoffet meir tilgjengeleg og forståeleg for elevane
— Den interaktive forteljinga i spelet "The Walking Dead" er full av etiske dilemma, og godt egna til å hjelpe elevar med å bruke etiske teoriar som grunnlag for eigen argumentasjon. Her får deierfare korleis ulike teoriar kan føre til ulike løysingar. Læring skjer når elevar opplever at kunnskap gir meining. Digitale spel kan vere ein utmerka måte for lærarar å gi elevar ein slik oppleving, seier Staaby.

Annleis, spennande og lærerikt
— Det er veldig gøy, fortel Thea, Vanessa, Julie, Kamilla og Karianne, som går på 3. trinn på Nordahl Grieg vgs når dei blir spurt om korleis dei oppleve å bruke spelet "The Walking Dead" i religionstimen.
— Det passa veldig godt i timen med religion for det ga oss gode og konkrete problemstillingar som er litt annleis og utradisjonelle, og tema blir heller ikkje for uviktige eller for tunge og deprimerande. I spelet må vi ta avgjersler, og da må vi diskutere etikk undervegs. Dette hjelper oss til å forstå meir, og då er det ein fin måte å lære på, seier dei.
— Spelet gjer at vi får vi sjå heile situasjonen rundt problemstillinga, og då blir det enklare å ta stilling til eit etisk dilemma og gje eit godt svar. Når vi får dei på eit ark er det så mange detaljer som manglar, og gjer det vanskeleg å gi ei god tolking. Spelet gjer undervisninga annleis, spennande og gøy, og det er bra!, meiner dei.