Justeringar i opplæringstilbodet – dette er endringane

Hovudutval for opplæring og kompetanse har justert opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulene for skuleåret 2025/26.

Elev og lærar på yrkesfag ved dreiebenk
YRKESFAG: Hovudutval for opplæring og kompetanse vedtok blant anna å opprette ei halv klasse vg2 industriteknologi ved Høyanger vgs. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune).

Hovudutvalet justerer det utlyste opplæringstilbodet kvar vår, etter at dei faktiske søknadstala er klare 1. mars. 

Ingen tilbod blir lagde ned

– Dette er ei av dei viktigaste sakene vi har gjennom året, og det engasjerer mange. Vi veit at vi har eit stort ansvar, og vi jobbar for at opplæringstilbodet skal treffe godt. Målet vårt er at flest mogleg av søkjarane kjem inn på førstevalet sitt, samtidig som vi dekker behova som arbeids- og næringslivet har, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.   

Utvalet understrekar at tilbod som ikkje blir sette i gang i år, ikkje er nedlagde. Dei skal vurderast att når opplæringstilbodet for skuleåret 2026/27 skal vedtakast.

Vg2 yrkesfag vert prioritert

Yrkesfag har aldri vore meir populært blant søkjarar i Vestland. Hovudutvalet vedtok difor å opprette fleire nye plassar på fleire yrkesfaglege opplæringstilbod. 

– Det er viktig for både elevane og arbeids- og næringslivet at elevane kjem seg ut i lære. Difor har vi prioritert vg2 yrkesfag, seier Berthelsen.

Justerte framlegget frå administrasjonen

Hovudutvalet vedtok justeringane som står i saksframlegget frå administrasjonen med slike endringar:

Nordahl Grieg vgs.

– 1 klasse vg1 studiespesialisering

Osterøy vgs. 

+ 1 klasse vg1 studiespesialisering 

Voss gymnas 

+ 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag 

– 1 klasse vg1 studiespesialisering 

Fyllingsdalen vgs. 

+ 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag m/stud.spes 

– 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag 

Stryn vgs. 

+ 1 klasse vg1 bygg- og anleggsteknikk 

Måløy vgs.  

+ 0,5 klasse vg2 kokk- og servitørfag 

+ 1 klasse vg2 helsefagarbeidar 

Årdal vgs. 

– 0,5 klasse vg2 industriteknologi 

– 0,5 klasse vg2 kjemiprosess 

Høyanger vgs. 

+ 0,5 klasse vg2 industriteknologi 

+ 0,5 klasse vg2 kjemiprosess 

Flora vgs. 

+ 1 klasse vg2 sal og reiseliv 

Odda vgs.  

+ 0,5 klasse vg2 helsefagarbeidar  

Bømlo vgs.  

+ 1 klasse vg2 industriteknologi  

Førde vgs.  

+ 0,5 klasse vg3 landbruk