Fylkestinget vil ha 5000 statlege arbeidsplassar ut av Oslo-området
– Regjeringa må setje i verk eit krafttak for å motverke den stadig aukande sentraliseringa til Oslo- og Akershus-regionen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok fråsegna som blir sendt til regjeringa og Stortinget i møtet i Florø 18. juni. Vedtaket var samrøystes. Av dei 5000 statlege arbeidsplassane fylkestinget krev flytta ut av Oslo, vil fylkespolitikarane ha minst 1000 til Vestlandet.
– Vi krev ein plan for dette, men aller viktigast: Vi krev handling. Den kraftige sentraliseringa vi ser i dag er i ferd med å trekke til seg både investeringar og arbeidskraft frå heile landet. Vi har sett tidlegare at det går an, men den siste større utflyttinga var rundt tusenårsskiftet. No er det på tide å ta tak igjen, slår fylkesordføraren fast.
Fylkestinget syner i fråsegna til Danmark, der regjeringa i 2015 laga ein plan for utflytting og flytta om lag 3900 arbeidsplassar ut av København.
Heile fråsegna frå fylkestinget
5000 statlege arbeidsplassar ut frå Oslo-området
Vestland fylke ber regjeringa utarbeide ein statleg plan for utflytting av statlege arbeidsplassar, med mål om 5000 statlege arbeidsplassar frå Oslo-området til andre deler av landet. Minst 1000 av desse bør komme til Vestlandet.
Må lære av Danmark
Fylkestinget ber regjeringa iverksette eit krafttak for å motvirke den kraftige sentraliseringa til Oslo-/Akershus- regionen, som er i ferd med å trekke til seg investeringar og arbeidskraft frå heile landet. Om lag 100 000 jobbar innan statsforvaltninga i Oslo og nabokommunane. Veksten i statlege arbeidsplassar i hovudstaden har vore på fleire tusen sidan årtusenskiftet. Regjeringa må gjere som den danske regjeringa gjorde i 2015, då dei laga ein plan for utflytting. Med ei utgreiing og ein sentralstyrt prosess, flytta regjeringa og Folketinget, med eit vedtak, heile verksemder og omlag 3900 statlege arbeidsplassar ut av København til fleire regionar/byar i Danmark.
Gode erfaringar frå tidlegare utflyttingar
Sist det vart gjennomført ei utflytting i stort monn var i Bondevik II-regjeringa rett etter tusenårsskiftet.
Omlag 1500 arbeidsplassar vart flytta ut mellom 1960 og 2000. Erfaringane frå dette, både for verksemd som blir utflytta og for region som tek imot verksemd, er drøfta og oppsummert i ein Norce-rapport:
- Kvar statleg arbeidsplass som vert lokalisert ut genererer i snitt ein ekstra etterspørsel etter varer og tjenester lokalt på over 200 000 kroner.
- Ingen av dei utlokaliseringane ser ut til å kunne kallast direkte mislykka.
- Rekruttering av medarbeidarar har i hovudsak gått greitt.
- Arbeidskrafta er som regel meir stabil i de utlokaliserte verksemdene enn den er i Oslo-området.
Fylkestinget ber regjeringa iverksette eit krafttak, i form av plan og politisk handling, for å motvirke den kraftige sentraliseringa til Oslo/Akershus regionen, som er i ferd med å trekke til seg investeringar og arbeidskraft frå heile landet.