Fylkespolitikarane med klar melding: Staten må sikra at ferja går!

Eit samrøystes fylkesting sender no ei fråsegn over fjellet med klare krav om at staten no ryddar opp i dei store ferjedriftsutfordringane i Vestland. – I snart to år har folket på kysten ikkje hatt forutsigbarheit knytt til ferjedrifta. Dette går ut over reise til jobb, skule, sjukehusbesøk og andre viktige gjeremål for innbyggjarane og næringslivet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Foto av ferje
FERJEBREV: Både Statsministarens kontor, Kommunal og distriktsdepartementet, Sjøfartsdirektoratet og Kystdirektoratet får no brev frå fylkeskommunen om ferjeutfordringane i Vestland. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Saka vart fremma av Sigrid Brattabø Handegard (Sp) i ein interpellasjon det vart fleirtal for å realitetshandsama under fylkestinget i Florø 17. og 18. juni. 

Første krav i fråsegna er at staten må instruera Sjøfartsdirektøren om å landa konflikta om arbeidstidsordningane for ferjepersonellet. Det andre kravet er at staten må setja fylka i stand til å auka kapasitet der takstreduksjon/gratisferjer gir auka kapasitetsbehov.

Fylkestinget skriv i fråsegna at det aldri hadde blitt akseptert at trikken og bybanen over tid ville hatt så ustabil drift, særleg ikkje på grunn av usemje om arbeidstidsordning.

–Alle aktørane har eit ansvar. Men vi meiner det er Sjøfartsdirektøren som er ansvarleg for å skjera gjennom i konflikta. No har denne krevjande situasjonen gått føre seg alt for lenge, seier Askeland.

Les heile fråsegnet:

Staten må sikra at ferja går!

Vestland fylkesting sender denne uttalen om staten sitt ansvar for ferjedrifta på desse følgjande områda:

1.Staten må instruera Sjøfartsdirektøren om å landa konflikta om arbeidstidsordningane for ferjepersonellet

I snart to år har folket på kysten betalt prisen for arbeidstidskonflikta om arbeidstidsordningane mellom reiarlaga/NHO Sjøfart og dei tilsette sine organisasjonar. Meldinga til dei reisande om at ferje er innstilt pga tekniske problem er som ofast misvisande. Ferjematriellet er i god teknisk stand, og kystfolket veit at det oftast er konflikta om dispensasjonar knytt til skiftordningane som ligg bak innstilte ferjer, med dei konsekvensane dette har for arbeid, skule og alle andre samfunnsforhold. No må dette ryddast i,- det hadde aldri blitt akseptert at trikken og bybana over tid ville hatt så ustabil drift, særleg ikkje pga usemje om arbeidstidsordning. Alle aktørane har eit ansvar, men Fylkestinget meiner det er Sjøfartsdirektøren som er ansvarleg for å skjera gjennom i konflikta. Dette har pågått alt for lenge, noko som er særs kritikkverdig. Fylkestinget er også skeptisk til at det stadig vert vist til ein riksrevisjonsrapport om arbeidstidsordningane for fiskefartøy, som grunnlag for å justera dispensasjonane for arbeidstidsordningane for ferjene. Det er store rekrutteringsvanskar for ferjepersonell, og gjennomsnittsalderen er høg. Derfor hastar det å få på plass føreseielege og gode arbeidsvilkår slik at kvalifiserte folk vil arbeida på desse viktige kollektivfartøya.

2.Staten må setja fylka i stand til å auka kapasitet der takstreduksjon/gratisferjer gir auka kapasitetsbehov

Fylkestinget meinar det var eit svært positivt tiltak for at kystnasjonen Noreg at ein har redusert/fjerna avstandsulempene for folk og næringsliv gjennom takstreduksjon/gratisferjer. Somme stader har dette ført til auka reiseverksemd, og somme stader (td Austevoll) er verdiskapingsauken i seg sjølv så stor at ferjekapasiteten vert for liten. Denne situasjonen oppstår for både riks- og fylkesvegferjer. På riksvegsambanda kompenserer staten all kostnadsauke direkte, men det gjer ikkje staten overfor fylkeskommunane der dette skjer på fylkesvegferjene.

Fylkestinget godtek ikkje denne skilnaden, og ber Regjeringa om å utarbeida ein kostnadskompensasjon for ferjefylka, som sikrar likebehandling av dei reisande uavhengig om det er riks- eller fylkesvegferjer.

Fråsegnet blir sendt til Statsministarens kontor, Kommunal og distriktsdepartementet, Sjøfartsdirektoratet og Kystdirektoratet.