Byggestart for ny bru over Alverstraumen

Ny moderne bogebru for køyrande, gåande og syklande skal erstatte Alverstraumen bru.

illustrasjon av ny bru. 3D-modell
BYGGER BOGEBRU: Fylkeskommunen bygger ei moderne bogebru tilpassa trafikken, med god tryggleik for både køyrande, gåande og syklande. Den nye brua erstattar Alverstraumen bru frå 1958 og skal stå ferdig i 2030. (Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune)

Fylkestinget i Vestland godkjente byggestart for prosjektet "Fv. 565 Alversundbrua" i Alver kommune i møte 18. mars, med planlagd byggestart i 2027 og ferdigstilling i 2030.

– Dette er eit etterlengta prosjekt. Alverstraumen bru er gamal og utdatert, med svært dårleg bereevne. Den er likevel blant fylkesvegbruene med høgast trafikk, så det er på tide å få på plass ei bru som gir eit trygt tilbod for alle trafikantar, også dei mjuke, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Bogebru best for grunnforhold og utforming

I reguleringsplanarbeidet vart det peika på fleire moglege brutypar, og det vart arbeida vidare med hengebru og bogebru. Bogebru peika seg ut som det beste alternativet med omsyn til m.a. estetikk og god utforming av både bru og tilhøyrande veg, gjennomføring av prosjektet og grunnforholda.

– Her går vi frå ei særs dårleg bru frå 1958 med eitt køyrefelt, til eit vegsystem som også  legg til rette for vidareutvikling av tettstaden Alversund. Det er på høg tid å takka av gamlebrua, den har gjort jobben sin, seier Askeland.

Opning sommaren 2030

Eksisterande bru er i til dels svært dårleg teknisk stand. Lysregulering og eitt køyrefelt er også ei dårleg trafikal løysing for dei 6000 køyretøya som passerer kvart døgn. Å forlenge levetida på den gamle brua hadde krevd store kostnadar. 

Nye fv. 565 Alversundbru er eit stort investeringsprosjekt for fylkeskommunen, med ei kostnadsramme på 768 millionar 2025-kroner. Arbeidet med riving av eksisterande bru startar etter at ny bru er opna i 2030 og er rekna til å ta om lag eitt år.

Omsyn til klima og naturmangfald

Bruprosjektet har merksemd på klima og naturmangfald i området og vil minske eventuelle negative verknadar for dette i tråd med måla i Utviklingsplan for Vestland. Kompenserande  tiltak er mellom anna at veg som blir erstatta av ny veg skal førast attende til landbruksareal og natur. Areal som blir nytta til mellombelse føremål, som til dømes anleggsrigg, skal tilbakeførast til opphaveleg arealbruk.

Etter prosess med grunnerverv våren 2025 vonar fylkeskommunen å kunne lyse ut prosjektet som totalentreprise sommaren 2025.