Ber staten om eigne tilskotsordningar for kulturhistoriske bygg som musea eig
Fylkestinget er positiv til ny statleg praksis for tilskot til museum, men etterlyser framleis meir målretta verkemiddel og eigne tilskotsordningar.

Vestland fylkeskommune har engasjert seg særleg for dei verdifulle kulturhistoriske bygningssamlingane til musea dei siste fire åra.
– Vi opplevde i 2021 at handlingsrommet vårt vart snevra inn når det gjaldt tilskot til musea. Frykta er at nasjonale kulturminneverdiar kan gå tapt, og vi kan ikkje sitje stille og sjå på at musea ikkje får pengane dei treng for å ta vare på kulturarven vår, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkestinget behandla i møtet 18. mars ei sak om oppfølging av engasjementet for museumssektoren og freda bygningar.
Sameina praktisering av tilskotsordninga
«Stridens kjerne» har vore om musea kan få tilskot gjennom tilskotsordninga for freda kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige. Foreningen Fredet klaga i fjor på fordelinga til Vestland fylkeskommune, med påstand om at det ikkje var høve til å tildele midlar til musea.
Riksantikvaren avslo klagen i januar i år, og slo fast at musea, frivilligheita og det offentlege kan få tilskot frå ordninga. Riksantikvaren understreka også det regionale handlingsrommet, og den nasjonale innretninga av tilskotsordninga for 2025 er sameina med praksisen i Vestland fylkeskommune.
– At musea kan søkje om tilskot på linje med andre eigarar av freda bygg, styrkjer kulturpolitikken vår. Det gjer at vi kan få gjort noko med det store etterslepet vi har når det gjeld istandsetjing av freda bygg som musea eig. Men det er ikkje nok, seier fylkesordføraren.
Vil ha eigne tilskotsordningar
Fylkestinget ber difor Kultur- og likestillingsdepartementet vurdere meir målretta verkemiddel og eigne tilskotsordningar for istandsetjing av dei kulturhistoriske bygningssamlingane til musea.
– Vi er uroa for at dei profesjonelle musea fell mellom fleire stolar. Driftstilskota frå departementet dekkjer berre drift og ikkje istandsetjing av bygningar, og Kulturminnefondet støttar ikkje søkjarar med statleg driftsstøtte. Når vi veit at profesjonelle museum eig 15 prosent av alle freda bygningar i fylket, og at etterslepet på vedlikehald er stort, er vi rett og slett uroa over om framtida til kulturarven vår. Vi meiner staten må på bana med heilt eigne tilskotsordningar for å møte desse utfordringane, slår fylkesordføraren fast.