Arendalsuka: Løftar kraft, arbeid og klimaomstilling av hurtigbåtar
Vestland fylkeskommune inviterer til fleire viktige debattar under Arendalsuka. Blant dei som medverkar på ulike arrangement er næringsministeren, arbeids- og velferdsdirektøren, direktør i NORCE, Camilla Stoltenberg, statssekretærar og fylkesordførarane i nabofylka.

– Skal vi løyse dei store samfunnsutfordringane – som kraftmangel, utanforskap og grøn omstilling – treng vi eit sterkare samspel mellom stat, fylke og næringsliv. Arendalsuka er ein viktig arena for å løfte løysingane og perspektiva til Vestland opp på eit nasjonal nivå. Vi reiser ikkje for syns skuld, men for å styrke fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vestland fylkeskommune og samarbeidspartar står bak desse arrangementa under Arendalsuka.
Landbruk, eksport og kraftkrise
Arendalsuka startar måndag 11. august, og det første arrangementet til Vestland fylkeskommune er tysdag 12. august når vi tek vi eit krafttak for kraftkrisa. «Meir energi raskare med lokal aksept» finn stad på MS Sandnes, og her deltek blant andre fylkesordførar Jon Askeland og stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal.
– Etterspurnaden etter kraft aukar kraftig. Samstundes blir det bygd minimalt med ny fornybar energi, og det at vi manglar kraftlinjer og transformatorkapasitet, stoppar industri og klimatiltak. Med dette arrangementet vil Vestland presentere korleis vi meiner dette kraftdilemmaet kan løysast, seier fylkesordføraren.
Fleire i arbeid
Litt seinare på dagen tysdag inviterer Vestland fylkeskommune, NAV Vestland og NORCE til eit felles arrangement. Her set vi søkelys på tiltak som har dokumentert effekt i arbeidet med å få fleire ut i arbeid og utdanning og førebyggje utanforskap.
Fylkesordførar Jon Askeland, Camilla Stoltenberg, direktør i NORCE, Hans Christian Holte, arbeids- og velferdsdirektør, Per Olav Skurdal Hopsø, statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i NAV og Hallgeir Hansen, rektor ved Firda vidaregåande samlast til samtale. Sistnemnte skal fortelje om HUBEN ved Firda vidaregåande skule. Dette er eit alternativ til klasserommet for læring og meistring. Dette arrangementet blir òg sendt i nett-tv.
Høyr meir om HUBEN i Firdapodden, Firda vgs, sin eigen podkast
Vestlandsrådet: Hurtigbåt og E39
Tysdag kveld inviterer Vestlandsrådet, Stavanger2Bergen og Næringsforeningen i Stavanger-regionen til debatt om E 39, Kristiansand til Trondheim. Fylkesordførar Jon Askeland deltek saman med politikarar og næringslivsrepresentantar.
Onsdag inviterer CleanTech, NHO Sjøfart og Vestlandsrådet til debatt om framtida til ferjer og hurtigbåtar. Korleis kan fylke og stat samarbeide for å realisere den grøne omstillinga – både for passasjerar og næringsaktørar? Kven tar styringa, og kven tek og rekninga? Fylkesordføraren er på plass, saman med næringa, politikarar og dei som sit med nøklane til grøn mobilitet på sjø.
Sikkerheit i havdjupet
Korleis kan oppstartsbedrifter, industrien og styresmakter samarbeide for å møte utfordringane, og gripe moglegheitene, i havdjupet? Vestland fylkeskommune samarbeider med Bergen kommune, Universitetet i Bergen og One Ocean Havbyen Bergen om to arrangement om havdjupet:
På «Sikkerhet i havdypet: Trusler og konsekvenser» tysdag kl. 12 deltek blant andre statssekretær Even Tronstad Sagebakken, stortingskandidat Marthe Hammer og administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet, Nils Gunnar Kvamstø.
På «Sikkerhet i havdypet: Løsninger og forretningsideer» tysdag kl. 15.30 deltek næringsminister Cecilie Myrseth saman med representantar frå forsvaret, forsking, forvaltning og politikk.
Arrangement i regi av Vestland fylkeskommune og samarbeidspartnarar
- Meir energi raskare med lokal aksept - Arendalsuka
- Fleire i arbeid – Vi må gjere meir av det som verkar! - Arendalsuka
- Sikkerhet i havdypet: Løsninger og forretningsmuligheter - Arendalsuka
- Sikkerhet i havdypet: Trusler og konsekvenser - Arendalsuka
- Førebygging? Ja, takk! Så lenge eg slepp rekninga! - Arendalsuka
Arrangement i regi av Vestlandsrådet
- Ferjefri E39 - sløsing eller gullkanta investering for det nye Vestlandet? - Arendalsuka
- Ferjer og hurtigbåtar: utsleppskutt og eksport – eller grøn fallitt? - Arendalsuka
- Vestlandet inviterer til frokost - kan vi eksportere dette? - Arendalsuka
Arrangement i regi av Vestlandsforsking
- Vil Norge ofre villreinen på allemannsretten og hytteutbyggingens alter? - Arendalsuka
- Vekst i reiselivet- gode inntekter men høge utslepp og slitne lokalsamfunn. Kvar går vegen vidare? - Arendalsuka
- Hvordan kan vi oppnå bærekraftig håndtering av plast i fiskeri og akvakultur? - Arendalsuka
- Klimarisiko, handel, sikkerhet- når fleire kriser møtes - Arendalsuka
- Klimalunsj - diskuter klima- og miljøspørsmål over en matbit - Arendalsuka
- Vippepunkt for klimatilpasning - Arendalsuka
Programmet kan endre seg, sjekk difor Arendalsuka for siste oppdatering.