Vil ha nasjonal senter for yrkesfag – og vil ha det i Vestland

Det er sju gode grunnar til å etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag til Vestland, meiner fylkesutvalet.

Elev med sveisebriller og drakt som sveiser metall.
NASJONALT SENTER: Fylkesutvalet meiner det er sju gode grunnar til å etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag i Vestland. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

– Vestland har lange tradisjonar innan yrkesfag og vi har kompetansen som viser vei for resten av landet. Over halvparten av elevane våre vel yrkesfag, og talet aukar, særleg i bynære strøk. Vi har eit tett samarbeid mellom skulane og lokalt arbeids- og næringsliv, og vi har ein sterk fagskule med breitt tilbod og desentralisert struktur. Dette er berre noko av det som gjer Vestland så godt eigna til å huse eit slikt nasjonalt senter, slår fylkesordførar Jon Askeland fast.

Det var eit samrøystes fylkesutval som vedtok uttalen til Kunnskapsdepartementet 15. februar. Bakgrunnen er at regjeringa i februar 2023 sette ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på korleis eit nasjonalt senter for yrkesfag kan realiserast. I oktober i fjor la arbeidsgruppa fram ein rapport om korleis eit nasjonalt senter for yrkesfag kan bidra til å få fleire fagarbeidarar.

Sju grunnar til å velje Vestland

Heilt konkret listar uttalen frå fylkesutvalet ut sju grunnar til kvifor Vestland fylke er eigna lokasjon for eit nasjonalt senter:

  • Auka behov for yrkesfagleg kompetanse
  • Auka samarbeid mellom arbeidsliv og   utdanningsinstitusjonane
  • Eit nasjonalt senter vil vidareutvikle og sikre kvalitet i utdanningane
  • Styrka karriererettleiing
  • Forsking og innovasjon
  • Omstilling og konkurranseevne
  • Auka attraktivitet for yrkesfagleg utdanning

– Vi er gode på maritime og marine fag, industrikompetanse og petroleumsrelatert fagfelt. I tillegg satsar vi knallhardt på grøn omstilling og skal vere i front der. Vi har også tunge utdannings- og forskingsinstitusjonar. Eit nasjonalt senter kan vere ein arena der vidaregåande opplæring, fagskule, universitet og høgskule saman kan bidra til forsking for å styrke teoretisk og praktisk kompetanse i yrkesfaga, seier fylkesordføraren.

Vil ha handlingsplan for å sikre framdrift

Rapporten som greier ut korleis eit slikt nasjonalt senter kan organiserast skisserer tre alternative modellar:

  • Eit nasjonalt dokumentasjonssenter – minimumsløysinga
  • Eit nasjonalt dokumentasjons- og utviklingssenter – mellomløysinga
  • Eit nasjonalt senter for dokumentasjon, utvikling og redgjeving – den meir omfattande løysinga

Fylkesutvalet meiner både alternativ 2 og 3 eller ein kombinasjon av desse, best vil kunne stette forutsetningar, visjonar og mål for eit nasjonalt senter for yrkesfag. 

Fylkesutvalet ber også om at fylkeskommunen lagar ein handlingsplan for å sikre vidare framdrift fram til endeleg avgjerd i departementet. Politikarane peiker ikkje på noko plassering, men meiner Vestland har fleire tettstadar og byar som kan vere vertskap for eit slikt senter.