Vestland fylkeskommune har bygd Noregs største molo på Bømlo
Bømlo, Sunnhordland og Vestland har med dette fått den største og lengste moloen i Noreg som gjev grunnlag for ei svært stor fiskerihamn. – Det er eit samarbeid i elitedivisjonen som har ført oss fram til denne store lagsigeren, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– I dag feirar vi ein lagsiger! Då regionreforma gav Vestland fylke ansvar for fiskerihamnene i 2020 heiv vi oss rundt saman med kommune og næringsliv som hadde arbeidd med fiskerihamna lenge. Her har alle bidrege positivt, og både forprosjektet til Kystverket og forskotteringa frå næringslivet var nødvendig for at vi i fellesskap landa prosjektet, sa fylkesordførar Jon Askeland frå talarstolen ytst på moloen på Stora Bleikjå.
Fleire hundre hadde møtt fram for å ta del i den offisielle opninga av Bømlo fiskerihamn fredag 21. juni. Det var sol, korpsmusikk, kaker og is. Og mange talar der samarbeid, initiativ og handlekraft vart framheva.
Fart på sakene då fylket overtok
Det var i 2011 at draumen om ei fiskerihamn på Søre Bømlo vart skapt av lokale eldsjeler i næringslivet. Men først då ansvaret for fiskerihamner vart flytta frå departementet til fylket i 2020, vart det fart i sakene.
Næringsaktørar i Langevåg forskotterte 165 millionar kroner, og Vestland fylkeskommune garanterte for tilbakebetaling og har vore byggherre. Bømlo kommune har garantert for lånet og Kystverket tek sluttrekninga.
– Fylket fekk ansvaret for fiskerihamnene 1. januar 2020, Bømlo sendte søknad om forskottering 15. januar 2020. Det vart vedteke å bygge moloen i fylkestinget 9. juni 2020, vi skaut første salva 11. mars 2022, og i dag opnar vi. Det er eit samarbeid i elitedivisjonen som har ført oss fram til denne store lagsigeren. I dag kan vi opne det som er Norges største molo i samanhengande utstrekning, og den einaste fiskerihamna som vart bygd av nokon som helst fylkeskommune, sa Askeland under opninga.

Rolla som utviklingsaktør
Askeland trekker fram bygginga av fiskerihamna på Bømlo som eit godt døme på fylket si rolle som utviklingsaktør.
– Dette viser tydeleg kva Vestland fylkeskommune skal vere når vi snakkar om å vere ein aktiv samfunnsutviklar i tett samarbeid med kommunar og næringsliv. Vi skal gi kraft til kommunane og næringslivet til å utvikle heile fylket. Det er på denne måten vi kan stille opp for at Vestlandet kan lukkast endå betre og skape trivsel for folk som bur her. Prosjektet har allereie betalt seg i form av to milliardar kroner i næringslivinvesteringar, og 150 nye arbeidsplassar dei siste åra, seier Askeland.

Utvida og nye næringsareal
Uttak av stein har skapt eit stort planert industriareal, og framover vert utvikling av kai og næring sentralt. Hovlandshagen Utvikling AS er etablert, der Karmsund Hamn og Bømlo kommune er eigarar. Både lokalt næringsliv og andre viser stor interesse for vidare utvikling, og det er potensial for stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Bømlo kommune er i dag ein viktig og stor fiskerikommune, og Bømlo fiskerihamn er ein av 19 hubbar i Grøn region Vestland.
– Vi er ein region med et fantastisk potensiale. Vi har naturressursane som framtidas industri og næring skal byggjast på. Sjømatindustrien har størst verdiskaping i Sunnhordland, og vi har eit nasjonalt mål om å seksdoble den verdiskapinga fram mot 2050, sa dagleg leiar Lars Solberg i Bømlo fiskerihavn AS i sin tale.

Milliardinvesteringar
Det er ein uttalt intensjon at industriområdet i Langevåg skal utviklast med lokalt næringsliv i førarsetet.
– Vi har planar i skuffa for mottak av fisk og fabrikkar for vidareforedling, der vi nyttar alle delar av fisken. Etter kvart også biogassfabrikk, produksjon av farmasøytiske produkt og til slutt kompost. Det er investeringar på halvannan til to milliardar kroner i fleire hundre nye, grøne arbeidsplassar. Vi må bygge eit attraktivt Sunnhordland som unge vaksne vil flytte heim til. Søre Bømlo ved Langevåg skal vere eit slikt attraktivt bu- og arbeidssenter, sa Solberg.

– Eit kraftsenter for næringsutvikling
Ordførar Morten Helland i Bømlo kommune framheva at hamna og næringsarealet vert eit kraftsenter i regionen.
– Vi har fått ei fantastisk hamn og eit næringsareal som vil gjere dette til eit kraftsenter for næringsutvikling i regionen innan fiskeri, hamneverksemd og andre næringar, sa Helland.

Kystverket overtek
Når anlegget er ferdigstilt overtek Kystverket ansvaret for hamna. Til stades under opninga var assisterande kystdirektør Per Jan Osdal.
– Kystverket vil nytte anledninga til å berømme Vestland fylkeskommune, Bømlo kommune og det private næringslivet for samarbeidet, initiativet og handlekrafta de har vist gjennom å få realisert prosjektet på svært kort tid. Robuste og tilgjengelege hamneløysingar er viktig for å oppnå nasjonale og ikkje minst regionale mål for maritim næringsutvikling. Det er ei glede å sjå at prosjektet har blitt realisert, sa Osdal.
