Vestland fylkeskommune forlenger avtalen med Antidoping Norge

– Dette er viktigare enn nokon gong, seier fylkesordførar Jon Askeland.

to menn som er avbildet foran to bord
TRE NYE ÅR: Fylkesordførar Jon Askeland og Rune Andersen frå Antidoping Norge underteikna i dag ein ny samarbeidsavtale som skal gjelde frå 1. januar 2024 til 31. desember 2027.

Fylkesordførar Jon Askeland og Rune Andersen frå Antidoping Norge underteikna i dag ein ny samarbeidsavtale som skal gjelde frå 1. januar 2024 til 31. desember 2027.

– Vi opplever at det er viktigare enn nokon gong at vi jobbar med førebyggande antidopingarbeid. I eit samfunn der unge vert utsette for eit enormt press via sosiale medium, og der søkjelyset på kropp og trening er sterkare enn nokon gong, trengst det stemmer som taler for ein sunn og helsefremjande treningskultur. Vestland fylke ønsker å vere ei slik stemme, saman med Antidoping Norge og skular, helsepersonell, politi, treningssenter og andre i Vestland som vil bli med på eit løft mot doping, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Kunnskap og informasjon i sentrum

Vestland fylkeskommune har samarbeida med Antidoping Norge om dopingførebyggande arbeid sidan starten i 2020, og vidareførte då samarbeidet som blei starta i Hordland fylkeskommune i 2014.

Samarbeidet har vore knytt til prosjektet «Lokal mobilisering mot doping», eit prosjekt som har som mål å legge til rette for trygge og helsefremjande treningsmiljø utan doping. Prosjektet rettar seg mot elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og lærarar og andre tilsette i den vidaregåande skulen.

Hovudmålet er å gje unge menneske nok kunnskap og informasjon til å avstå frå dopingbruk, og bygge opp under ein tydeleg nulltoleranse for dopingbruk i lokalmiljø innan idretten og i samfunnet elles.

I tillegg skal prosjektet auke kunnskapen om dopingproblematikk hjå relevante yrkesgrupper, blant andre helsepersonell, ungdomsarbeidarar, planleggjarar i kommunane og pårørande.

Leiande i førebyggingsarbeid

I dag er det berre Innlandet og Vestland fylkeskommune som har ein slik avtale. Rune Andersen, styreleiar i Antidoping Norge, understreka kor viktig det førebyggande arbeidet er.

– Eg ser viktigheita av førebygging, det er framtida, og der er de i Vestland fylkeskommune leiande i arbeidet de gjer. I fjor var det rekordbeslag av dopingmiddel i tollen. Alderen på dei som tek kontakt med oss vert lågare. Eg vil berømme dykk for å vere framsynte og vise veg. Førebygging som middel er langt betre enn å behandle unge menneske i ettertid. Det som Vestland med beskjedne midlar får til av førebygging må løftast fram, uttalte Rune Andersen, styreleiar i Antidoping Norge under ei orientering for fylkesutvalet i dag.

Tre personar som står saman
SAMAN OM FØREBYGGING: Denne veka var det temakveld om dopingførebygging i Nordfjordhallen i Måløy. Heile 560 personar møtte fram. Frå venstre: Torill Tennebø, Måløy Treningssenter, Kaja Haugen i Antidoping Norge/fylkeskoordinator i Vestland fylkeskommune og politi Linn Leirset.

Arrangement samla over 500

Kaja Haugen i Antidoping Norge (ADNO) er tilsett som fylkeskoordinator i Vestland fylkeskommune og reiser mykje rundt i fylket for å møte ungdomen. Nyleg deltok ho på ein temakveld om dopingførebygging i Nordfjordhallen i Måløy. Heile 560 personar møtte fram på arrangementet, som var eit samarbeid mellom vidaregåande skular, Kinn kommune og Måløy treningssenter.

– Kunnskapen og bevisstheita rundt doping er blant mange låg eller ikkje-eksisterande. Vi er difor veldig glade for det samarbeidet vi har med Vestland fylkeskommune. Gjennom dei siste åra har eg møtt fleire tusen elevar og hundrevis av fagpersonar i heile fylket og bidrege til viktig kunnskap og nødvendig refleksjon. Tilbakemeldingane frå både elevar og fagpersonar innan for eksempel helse, politi, skule og trening er svært gode, fortel Haugen.

Kroppspress på sosiale medium

Ho fortel at unge opplever eit enorm press på sosiale medium, der dei vert eksponert for eit uoppnåeleg kroppsideal.

– Dei får servert oppskrifter på kva stoff dei skal ta for å oppnå det idealet, som ofte berre er eit tastetrykk unna. Eg opplever at ein blir meir og meir liberal, noko som er med på å normalisere ein trend. Tal frå Ung Data for 2022 viser at 19 prosent meiner det greitt å bruke dopingmidlar for å gå ned i vekt, medan 18 prosent svarar det er greitt å bruke dopingmidlar for å auke muskelmassen. Desse tala var mykje lågare i 2018, opplyser Haugen.

Ei motvekt til alt som skjer på telefonen

– Eg vil at dei unge involvere seg meir, at dei veit meir om konsekvensane av å ta dopingmiddel. Det påverkar ikkje berre den som tek det, men også vener og familie rundt. Det å stille akseptere, er det same som å seie at det er greitt. Vi må også heve kompetansenivået i alle ledd, til dei som er tett på ungdomen, som til dømes tilsette på treningssenter og lærarar. Eg har tru på at vi saman kan vere ei god motvekt til alt som skjer på den telefonen, og det krev mykje meir av oss enn det gjorde før, avsluttar Haugen.

Fylkesutvalet løyver kr. 312.000 til prosjektet for 2024, og inntil kr. 350.000 kvart år i prosjektperioden.